Biblioteka og ytringsfridomen
Laurdag 4.9 kunne ein lesa følgjande i avisa "Dagens næringsliv":
Fremst i toget skuespilleren Danny Glover, borgerettighetsforkjemperen Jesse
Jackson og filmskaperen Michael Moore. Bak dem: bibliotekarer, studenter og
krigsveteraner, samt arbeidsledige aksjemeklere og hardkokte trotskister som
ropte og skrek. I ei mønstring av 250 000 demonstrantar mot George W.
Bush er det altså etter kjendisane, gruppa bibliotekarar som fyrst vekkjer
journalisten sin merksemd.
Av Svein Arne Tinnesand, fylkesbiblioteksjef i Rogaland
Det er ein grunn til at bibliotekarane i USA nå er regna for å være ei av
de sterkt bushkritiske yrkesgruppene i landet. Etter terroråtaka den
11.september 2001 blei demokratiet i USA satt på ei hard prøve, ei prøve det
i fylgje bibliotekarane ikkje klarte. Gjennom den såkalla "USA PATRIOT ACT
of 2001 (Uniting and Strengthening America by Providing Appropriate Tools
Required to Intercept and Obstruct Terrorism)" har styresmaktane gitt seg
sjølv fullmakter til å krenka informasjonsfridommen. Dette inneber m.a. at
bibliotekbrukarane kan risikere å verta overvaka av politiet når dei les og lånar
informasjon på biblioteka som vert rekna for å vere mistenkjeleg. Det er dette
dei bibliotekarar i USA finn så graverande at den amerikanske
bibliotekorganisasjonen blir rekna som ein kamporganisasjon mot
bushadministrasjonen.
Slik har dei politiske realitetane i USA etter terroråtaka for tre år sidan
tvinga biblioteka til å ta stilling politiske spørsmål fyrst og fremst knytte
til ytringsfridom og informasjonsfridom.
På bakgrunn av det som no skjer ute i den store verda vil mitt fyrste spørsmål
vera: Ville me på norske bibliotek handla på same måte som våre kollegar i
USA, med å gå i opposisjon, eller ville me stilleteiande godtatt kravet frå
styresmaktene?
Det andre spørsmålet me må stilla oss er: Kva er dei aktuelle problema rundt
spørsmåla om ytringsfridom og informasjonsfridom for norske bibliotek i dag?
Songen om biblioteka
Det finnes ikkje noko enkelt svar på det fyrste spørsmålet. I den einaste
historiske situasjonen der biblioteka verkeleg blei satt på prøve i forhold
til ytringsfridom som eg kjem på, der strauk biblioteka med glans. Med nokre få
heiderlege unntak var biblioteka, bibliotekarane, bibliotekstyra og Statens
bibliotektilsyn sitt rådgjevande utval i 1957 einige om Agnar Mykle sin roman
"Sangen om den røde rubin" ikkje skulle få lov til å forderva
norske bibliotekbrukarar. Dette skjedde vel å merke før rettssaka mot boka
starta. I staden for å vera i front for ytringsfridomen valde altså biblioteka
den gong å nekta lånarane tilgang til det som vart rekna som kontroversielt.
Om denne saka frå slutten av femtiåra kan sei noko om korleis biblioteka si
handtering av disse spørsmåla ville vært i dag veit eg ikkje eg trur ikkje
det. Eg trur at det finnes ei høgare medvit om dette i dag enn det gjorde for
40 – 50 år sidan.
Kva er ytringsfridom?
Når eg vidare snakkar om ytringsfridom vil eg ta utgangspunkt i Artikkel 19 i
den internasjonale fråsegna om menneskerettar som FN har vedtatt. Her står
det:
Alle skal ha meinings- og ytringsfridom. Denne retten gjeld fridom til å ha
meiningar utan innblanding, til å søkje, ta imot og gjere kjent opplysningar
og idear gjennom alle dei informasjonskanalar som finst, og på tvers av alle
grenser.
I artikkel 19 snakkas det om meinings- og ytringsfridom og om retten til å søkje,
ta imot og gjere kjent opplysningar og idear. Det siste kan samanfattas i ordet
informasjonsfridom. Det er naturleg at det er dette som dannar
utgangspunktet for biblioteka sin ytringsfridomdebatt. Ytringsfridomen er lite
verdt om det ikkje er mogleg for folk å sette seg inn i ytringane.
Kan bibliotekarar snakka?
Etter mitt syn er det vanskeleg å debattere ytringsfridom og bibliotek utan at
ein også kjem inn på bibliotektilsettes ytringsfridom som tilsette. I mai i år
gjekk min kollega fylkesbiblioteksjef i Akershus Torbjørn Navelsaker ut i
pressa og fortalte at mange biblioteksjefar fekk munnkurv i kontroversielle
nedskjeringssaker i kommunane.
I løpet av dei siste 20åra har det skjedd ei endring i norske kommunar. Frå
å vera forvaltningsorgan med stor nærleik mellom dei styrande politikarane og
dei kommunale tenestene, liknar kommunanes organisering meir og meir ei
leninistisk partiorganisering. Der kommunepolitikarane er sentralkomiteen, rådmannen
er generalsekretær og dei kommunetilsette er kadrane som gjer jobben.
Der bibliotekarane før hadde nært samkvem med politikarene i bibliotekstyret,
har ein nå gjennom reglement eller organisering i tonivåmodellar eller føretak
sørgja for at lokalpolitikarene får rapportar om tilstanden på biblioteket
gjennom rådmannen. På den måten kan den administrative organiseringa av
kommunane vera med på å hindra politisk og dermed offentleg innsyn i
biblioteka si verksemd. Eg er ikkje overbevist om at debatten om
nedskjeringar, i vårt tilfelle på biblioteka, blir betre av å bare bli
formidla gjennom ein rådmann som har større ansvar for budsjettresultat enn
for bibliotekbrukarane.
Debatten om bibliotektilsette si ytringsfridom er likevel ikkje først og fremst
ei biblioteksak. Dette er ei sak om kva rettighetar tilsette i det offentlige
har når det gjeld å opptre som fagpersonar også når dei kjem på kant med
sine eigne leiare. Den manglande ytringsfridomen i kommune-Norge er nært knytte
opp til kva rolle lokaldemokratiet skal spele i dette landet og er derfor først
og fremst ei politisk sak for kommunepolitikarane. Dei ulovlege
informasjonsreglementa er nok det lettaste å bli kvitt. Organiseringa av dei
kommunale tenestene er det nok ein større jobb å snu.
Sjølv om dei nå nedlagte bibliotekstyra gjorde at kontakten mellom politikare
og bibliotekarar var tett og god, så hadde denne nærleiken også ei bakside. I
tilfellet med "Songen om den røde rubin" viser det seg at det ofte
var bibliotekstyra som tok initiativet til sensur. Sterke politiske krefter
arbeida for at blasfemi, pornografi og kommunisme skulle haldas borte frå
bibliotekhyllene. ”Sangen om den røde rubin” inneheld visstnok alle desse
tre elementa. I bibliotekstyra satt mange ivrige politikarar som tok kampen mot
den åndelege fordervinga på alvor.
Kven bestemmer innhaldet?
I dag derimot har diskusjonen om innhald stort sett flytta seg ut av det
politiske livet. Det politiske ordskiftet om biblioteka handlar mest om kor mye
eller helst kor lite pengar me skal bruka på denne verksemda. I dag verkar det
som om politikare nesten same kor markeringskåte dei er, vel å la vere å gå
inn på innhaldsdiskusjon. Ein debatt om innhaldet i media vil vera ein debatt
der politikarane alltid tapar likevel.
Om det er ein bra eller dårleg ting at politikarar ikkje reagerer på innhald
lenger kan jo diskuteras. Den gong då fjernsynsmediet i Norge dreiv med
folkeopplysning brukte seriøse politikare dagevis på å diskutere om
fjernsynsprogramma hadde slagside i retning av venstresida. Nå når TV kanalane
konkurrerar hardt om å laga dei mest hjernetomme programma er det ikkje lenger
ein einaste politikar som tør eller vil diskutera innhaldet i sendingane.
Ei av grunnene til at det er blitt sånn er nok at politikarene veit at også
deira veljarar ser på "Big brother", les lett pornografiske
teikneseriar og låner filmar med splatter og blod. Derfor har politikarane
overlate innhaldskritikken til særgruppene og dei sjølvutnemnde
representantane for dei lidande. Dette er norsk samanheng nokså nytt. Frå USA
kjenner me derimot til at organisasjonar for tjukke, tynne, lange og korte saksøker
filmar og fjernsynsprogram. I Norge har me vært vande me at styresmaktane verna
oss mot umoral og støytande framstillingar. Slik er det ikkje lenger. Nå må
ein stola på interesseorganisasjonane og advokatane. Difor har innhaldskampen
flytta seg ut frå kommunestyra og inn i rettssalane. Her prøver
interessegruppene på verja seg sjølv og andre mot ytringar i ulike media som
dei ikkje liker.
Det at innhaldsdebatten er flytta ut frå bibliotekstyra inn til rettsalen gjer
at biblioteka ikkje lenger merker noko særleg direkte press på dette området.
Om nokon ønskjar å hindre folk i å lesa, ”Pornopung” eller ”Min kamp”
veljar dei å gå til sak mot forlaget som gjer ut desse bøkene og ikkje mot
biblioteket som lånar dei ut.
Skulle biblioteka verkeleg ta omsyn til alle dei ulike klagemåla som finnes mot
innhaldet i bøker, blader og ulike media ville det ikkje vera mykje igjen i
hyllene. Likt med politikaren vil bibliotekaren som gjer etter for press frå
denne typen grupperingar sitta igjen med svarteper om det blir eit offentleg
ordskifte om avgjerda,. Nokre av oss huskar debatten om homsebladet ”Blikk”
si plassering i skulebiblioteka som rulla for ei stund sidan. ”Blikk” blei
sendt rundt til ei rekke bibliotek som gaveabonnement, noko ikkje alle bibliotek
var like glade for. Det var likevel bibliotekarane som nekta å setta bladet ut
i hyllene som blei skurkane i ordskiftet, ikkje dei som forsvarde at eit
blad for homofile hadde si plass i biblioteket. Eg er ikkje sikker på om det
hadde vært slik for relativt få år sidan.
Korleis bestemme innhaldet?
Dette er også i dag vegen å gå for pressgrupper som vil ha påverknad på
medievalet i biblioteka. Ikkje krevja at noko skal fjernast, men gjennom det å
gi. Dei fleste bibliotek mottek gåver i form av bøker, hefter, blader m.m. som
dei ikkje har bestilt. Dei fleste av desse gåvene blir også vurderte som at
det er heilt på sin plass å plassera dei ut i samlinga. Det ein kanskje ikkje
tenkjer så mykje over, er om denne typen gaver er med på å gi samlinga ei
slagside. Norske folkebibliotek mottar t.d. bladet Forsvarets forum, Norsk Militært
Tidsskrift og skriftserien til Den norske Atlanterhavskomiteen. Alle desse er
gratis gaver betalt av forsvarsmakta. Eg tvilar på at gavene frå fredsrørsla
fyller like kraftig opp i biblioteka sine tidsskrifthyller. Skal me
problematisera dette med gåver i biblioteka kjem ikkje unna å diskutere kva
rolle biblioteka har som informasjons- eller propagandasentralar for det
offentlege Norge.
Dette leier oss igjen over i det som alltid vil vera det viktigaste temaet når
med diskuterer bibliotek og ytringsfridom i Norge. Kva rolle skal og må
biblioteka ha for å sikra innbyggarane tilgang til informasjon. Biblioteklova
si formålsparagraf lyder slik:
Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen
kulturell virksomhet gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og
annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet.
Det enkelte bibliotek skal i sine tilbud til barn og voksne legge vekt på
kvalitet, allsidighet og aktualitet. Virksomheten skal være utadrettet, og
tilbudene skal gjøres kjent. Folkebibliotekene er ledd i et nasjonalt
biblioteksystem.
Som ein ser i biblioteklova står det ingenting om ytringsfridom eller
informasjonsfridom.
Det er likevel lita tvil om at orda ”allsidighet og aktualitet” i denne
samanhengen skal lesas som eit pålegg om at biblioteka skal ivareta nettopp
ytringsfridomen og ikkje minst informasjonsfridomen.
Rett til informasjon
Spørsmålet om ytringsfridom vil alltid vært eit spørsmål om forholdet
mellom styresmakter og dei styrde. Når det gjeld dette forholdet i vårt land
er det slik at ytringsfridom blir slått fast i grunnlova. Grensene for
ytringsfridomen framkomer i nokre få paragrafer om, diskriminering av
menneskje, blasfemi, pornografi og injurier. I Norge finnes det ingen førehandssensur,
ytringar som ikkje er lovlege må prøvas mot loven i etterhand.
I motsetning til USA der styresmaktene blir biblioteka sin fiende i kampen om
informasjonsfridomen vil det ikkje vera styresmaktene som trugar denne
informasjonsfridomen i Norge. Trugsmålet mot informasjonsfridomen i Norge kjem
frå andre hald, og det vil vere i forhold til disse trugsmåla at biblioteka
har si oppgåve.
Å gjera informasjon tilgjengeleg. I ei omskifteleg verd blir retten til
informasjon ein grunnleggande føresetnad for å kunne være aktør og aktiv
samfunnsborgar. Folkebiblioteka skal sørgja ei sosial utjamning blant
borgarane. Denne oppgåva går på tvers av språklige, sosiale, fysiske og
andre skiljelinjer. Biblioteka si oppgåve å inkludere alle grupper i det såkalla
informasjons- og kunnskapssamfunnet.
Eller for å sitera UNESCO sitt folkebibliotekmanifest:
"Folkebiblioteket bygger på prinsippet om at alle skal ha det samme tilbud,
uansett alder, rase, kjønn, religion, nasjonalitet, språk eller sosial status.
Spesielle tjenester og spesielt materiale skal stilles til rådighet til brukere
som av en eller annen grunn ikke kan nyttiggjøre seg bibliotekets vanlige
tilbud, f.eks. språklige minoriteter, funksjonshemmede, sykehuspasienter eller
innsatte i fengsler."
Det er tankane i dette manifestet som ligg til grunn når biblioteka stiller
sine informasjonsressursar gratis til disposisjon for heile befolkninga. Det
betyr at biblioteka gir alle rett til å lesa boka, søkje på nettet eller bla
i avisa utan at dei trenger å ha råd til å kjøpe sjølv. Trugsmålet mot
denne utjamninga er sjølvsagt bibliotekbudsjetta. Det er ikkje mogleg å driva
økonomisk utjamning utan pengar. Det politiske systemet i landet må altså
vera villige til å satsa på bibliotek, så langt har politikarar på alle nivå
signalisert at bibliotek er ei viktig samfunnsoppgåve. Det vil likevel alltid
vera ei grense for kor villig biblioteka/samfunnet er til å betala for
informasjon. Prisen på elektroniske informasjonstenester vil i mange tilfeller
vere så høg at biblioteka verjer seg for å betale for dei. Kommersielle aktørar,
medieselskap og dei som sit med kommersielle rettighetar har ikkje nødvendigvis
like stor interesse som biblioteka for å stilla informasjonen til gratis
disposisjon for alle. Derfor arbeider fleire sterke organisasjonar for at dei
som sit på retten til informasjon skal ha (godt) betalt for bruk av
informasjon.
Rett informasjon
Biblioteka har økonomiske grensar for kva dei kan gjere tilgjengeleg. Gjennom
eit bevisst medieval skal biblioteka likevel sikra informasjonsfridomen. Et
bevisst medieval føresett at biblioteka fagleg er sett i stand til å gje
brukaren kunnskap, kunnskap som kan brukas til å tilegne seg informasjon.
Ei stor del av kunnskapsoverføringa i dagens og morgondagens samfunn vil bygge
på at ein kan lesa. Folkebiblioteka må framleis vera eit fyrtårn for lesing.
Folkebiblioteka må legge til rette for dei kunnskapssøkande,
nysgjerrige og opplevingssøkande lånarane, ikkje minst for barn og ungdom.
Den svenske arbeidarforfattaren Villhelm Moberg sa ”Biblioteket er mitt livs
universitet”. Utdanning er i ferd med å bli ein vare på et marknad.
Biblioteka er fristaden for egen læring, heilt uavhengig av kva tilbod som
finnes på marknaden. I tillegg skal biblioteka legge til rette for at barn
faktisk har eit tilbod om lesing. Lesing blott til lyst for den enkelte, like
fullt ei nødvendig oppgåve for biblioteket.
Når eg arbeida med dette innlegget søkte eg på ordet "Ytringsfrihet"
på "Google" på avisbasen "Atekst" og i Stavanger bibliotek
sin base. Det gav 21tusen treff på google, 17hundereogfemti treff i atekst og
125 treff på Stavannger bibliotek. Det tyder på at det på dette emnet vil
vera lett å skaffa seg informasjon, men vil det vera lett å finna rett
informasjon. For at biblioteka skal kunna oppfylla si oppgåve i forhold til
informasjonsfridomen må dei ha kunnskap. Kunnskap om kva informasjon som er
relevant og viktig om emnet og for lånaren. Masse informasjon er rein søppel,
sjølv mottek eg dagleg over 50 såkalla spammeldingar på epost kvar einaste
dag, informasjon ja visst, nyttig? - ikkje i det heile tatt.
I ei tid då mengda av informasjon aukar samtidig som mangfaldet av informasjon
minkar vil biblioteka si rolle i det såkalla informasjonssamfunnet bli satt på
harde prøver. Også for biblioteka vil det lettaste vera å flyte med straumen.
det lettaste er å gi brukaren ei 20 øvste treffa på google, dei nyaste
artiklane, dei bøkene som ein finner inne på hylla. Då blir ikkje biblioteka
si informasjonskompetanse brukt og brukaren sitt krav om ”allsidighet og
aktualitet” blir heller ikkje tatt i vare.
Fridom eller marknadstvang
Bibliotekas informasjonskompetanse er ikkje noko som berre kjem til syne når
brukaren står der og leiter, det er også denne kompetansen som gjer at
biblioteka utgjer eit alternativ til informasjonsmarknadens einsretting.
På alle kulturfelt ser ein tendens til at på tross av ein enorm bredde som
finns der er det berre ein smal del som blir synleg. Bestseljarlister,
bokklubbar, kjendisbladar og fjernsyn definerer i stor grad kva som er rådande
på marknaden. Biblioteket representerer det siviliserte alternativ til
marknadens jungel. I vår samanheng der informasjonsfridom er utgangspunktet er
det viktigare at biblioteka har Dostovjeski enn at dei har Mankell. No ber eg om
å bli forstått rett. Det er ingen grunn til å gå heim å reinske ut Mankell
sine bøker av hyllene. Det eg prøver å sei, er at sett i et perspektiv der
ytringsfridom og informasjonsfridom er vårt samfunnsansvar er det der vi bryt
med marknadens logikk at biblioteka har ei rolle. Fordi biblioteka skal bidra
til ”allsidighet” er det viktigare at ein finn den intolerante avisa
”Dagen” på biblioteka enn at ein finn det liberale ”Dagbladet” der. I
dagens medieverden er ”Dagen” som er den alternative røysta mens
”Dagbladet” som bys fram på kvart einaste gatehyrne og i kvar einaste
butikk representerar lite anna enn syntesen av marknadstenking og kulturell
middelhavsfart.
Klarer norske folkebibliotek å fortsette å vera ein tilgjengeleg og alternativ
informasjonskanal for alle som bur i landet, då vil kan me spilla ein
avgjerdande rolle når det gjeld når det gjeld ytingsfridomen sine vilkår her
i landet. For å kunna få til det må vi både vera villige til å diskutera både
vår eiga og samfunnets forhold til begrepa ytrings- og informasjonsfridom.