Regionaliser kulturpolitikken!

Stavanger Aftenblad tar på leiarplass den 20.7.04 til orde for ein meir desentralisert og regionalisert kulturpolitikk. For ein region med egne kulturambisjonar som Rogaland og stavangerområdet er det svært viktig at dette kjem på den politiske dagsorden. For sjølv om ambisjonane på kulturområdet veks ute i distrikta, blir kulturpolitikken meir og meir sentralstyrd.

På nokre områder har staten overdratt styringa frå fylkeskommunane som til dømes på museumsområdet. På andre områder er detalstyringa så sterk at lokale folkevalgte ikkje har verkemiddel til å driva eigen politikk. Dette gjeld til dømes anleggsmidla til idretten og detaljstyringa av den kulturelle skulesekken. Samtidig pålegg staten fylkeskommunane å følgje opp sentrale vedtak utan at ressursar til dette blir overførde.

Ein nasjonal kulturpolitikk er for heile landet, og må ta inn over seg at kunnskap og kompetanse er spreidd over heile landet. Derfor må tilhøva leggjast til rette for at kunnskapen og kompetansen kan nyttast der han finst. Berre slik kan det skapast ein variert og fargerik nasjonal kulturpolitikk. Kanskje særleg innanfor kulturpolitikken er det avgjerande at det vert lagt til grunn eit nedanfrå perspektiv. Kultur utviklar seg i samspel mellom menneske, og mennesket er først og fremst lokalt.

Rogaland fylkeskommune har, gjennom deltakinga i Stavanger 2008, vedtak om Strategisk kulturplan og nå sist i vedtak om fylkesdelplan for frilulftsliv, idrett, naturvern og kulturvern (FINK), gode forutsetningar for å driva ein offansiv kulturpolitikk. Ein kulturpolitikk ikkje bare for eigen region men også ein kulturpolitikk med nasjonale og internasjonale ringvirkningar. Det er ikkje lenger slik at auka sentralisering må til for å for å ivareta Noreg sin internasjonale politikk. Dei norske fylkeskommunane er sterkt internasjonalt orienterte. Særleg aktivt er samarbeidet med resten av Nordsjøregionen. Føresetnaden for internasjonalt arbeid er i dei fleste høve nettopp at partnarskapen er regionalisert, noko som inneber at ffylka må ha kompetanse og handlingsfridom.

Rogaland fylkeskommune er ein regional aktør innanfor det kulturfaglige feltet med både kulturarbeidarar, organisasjonar, institusjonar og kommunar som samarbeidspartnere. Dette samarbeidet gir sterke synergieffektar i regionen. Debatten om regionane si rolle i kulturutviklinga må derfor videreførast med tanke på at folkevalde på fylkesnivå skal overta oppgåver som i dag er styrde sentralt. I tilegg til kulturfondmidlar som er nemde i Aftenbladets leiarartikkel kan m.a ordningar innanfor spelemidlane , kulturhusmidlane , midlane til FRIFOND og midlane til Den kulturelle skulesekken drøftas i ei slik samanheng.

Kulturpolitikken handlar om å skape eit godt liv for alle som bur i landet. Difor har Stavanger Aftenblad rett når dei skriv at: Når kulturlivet i alle delar av landet får stimulans til å utvikla seg, blir både regionane og nasjonen rikare.

Svein Arne Tinnesand