På sporet av ei ny tid?
Kva er det som bestemmer kva som til ei kvar tid er dei dominerande tankane
og haldningane i folkebiblioteka? Ved hjelp av kultursosiologen Pierre Bourdieu
har forfattarane Henrik Jochumsen og Caspar Hvenegaard Rasmussen i boka
"Folkebiblioteket under forandring" lagt ut på ei reise gjennom
moderne dansk bibliotekhistorie i jakta på det (sein)moderne folkebiblioteket.
Av Svein Arne Tinnesand
I boka "Gør biblioteket en forskel?" som blei utgitt i 2000 retta
forfattarane søkelyset på biblioteket sine brukarar, der bibliotekbruk blei
satt inn i ein samanheng om kva fase i livet brukaren var på, samtidig som dei
òg anvendte Bourdieu sine teoriar om livstil. I si nye bok frå 2006 rettar
forfattarane blikket ikkje mot bibliotekbrukaren, men mot folkebiblioteka sjølve.
Ved hjelp av diskursomgrepet tar forfattarane fatt på ei analyse av det felles
tankegodset som blir utvikla i folkebiblioteka i perioden frå biblioteklova av
1964 og fram til nåtida.
"Folkebiblioteket under forandring" er del av ei doktoravhandling og
inneheld sjølvsagt mykje teori og metodesnakk. Delar av dette er sjølvsagt
heilt naudsynt for at me som lesarar skal kunne sjå forfattarane i korta. Det
er likevel ikkje til å komme burt frå at boka òg blir ganske tunglesen av
denne teoridelen. Teoridelen av boka bør likevel ikkje skremme nokon frå å
lesa boka. "Folkebiblioteket under forandring" inneheld nemleg svært
viktige observasjonar over folkebiblioteka si rolle og samfunnsmessige utvikling
i nyare tid. Dei til ein kvar tid rådande eller i alle fall sterke straumdraga
som ein finn i folkebiblioteka blir presentert i ei historisk og samfunnsmessig
ramme som gjer dette til spanande lesing.
Biblioteka i samfunnet
Folkebiblioteka i Norden er våre mest brukte kulturinstitusjonar. Heile folket
har eit forhold til biblioteka, og ikkje minst har folkebiblioteka ei enormt
stor oppslutnad i opinionen og blant politikarane. Noko som m.a. Svanhild Aabø
har påvist med doktorgradsarbeidet "The Value of Public Libraries" frå
2005 og som speglar seg i dei politiske partia sine program. Kva som skjer i
folkebiblioteka bør derfor ikkje berre være av interesse for dei som er
innafor feltet men òg for politikarar og andre som skal være med på å
vidareutvikle folkebiblioteka.
Folkebiblioteka står ikkje i eit politisk og sosialt tomrom. Tvert om er det
slik at folkebiblioteka til ei kvar tid prega av politisk, teoretisk og sosial
utvikling i resten av samfunnet. Samstundes blir denne påverknaden på
folkebiblioteka forma og omforma innanfor folkebiblioteka sitt eige univers.
Dette høyres sjølvsagt – sjølvsagt ut. Likevel har denne boka gitt denne
meldaren som sjølv har stått midt oppe i endringane av dei norske
folkebiblioteka dei siste tjue åra ny innsikt på dette området. Ikkje minst
opnar forståinga som denne boka gir, for å gå inn i (og inn for)
endringsprosessar i folkebiblioteka med større kunnskap om kva slike endringar
blir boren fram av. Sjølv om "Folkebiblioteket under forandring"
handlar om folkebiblioteka i Danmark, er tematikken lett gjennkjenneleg for
norske lesarar. Norge har følgt etter Danmark i nesten alt me gjort i
folkebiblioteka dei siste 50 åra. I starten av det historiske oversynet så
finnes det ei tidsforskyving mellom det som skjer i Danmark og det som skjer i
Norge. Den nye danske biblioteklova kom t.d. i 1964 medan den norske tilsvarande
kom i 1971. Dess nærare vår eigen tid me kjem dess kortare blir skilnaden i
tid mellom nyare trendar dukkar opp i Danmark før dei får gjennomslag her til
lands.
60 og 70 åra frå profesjon til politikk
Ved innføringa av biblioteklova i 1964 blei dei Danske folkebiblioteka
definitivt etablert som eit profesjonsfelt styrd av feltets eigenforståing.
Borte var det frivillige bibliotekarbeidet, og den idealistiske skulelæraren
som bibliotekar. I sentrum for det profesjonelle bibliotekstellet stod
folkebiblioteket som kommunal teneste på lik line med andre tenester som
kommunen har ansvaret for. Men som forfattarane viser i denne boka, så er ikkje
etableringa av folkebiblioteket innafor lovverket og det kommunale
tenestesystemet på nokon som helst måte eit endepunkt i utviklinga av det
moderne biblioteket. Konstitueringa av folkebiblioteket som profesjonelt felt
opna derimot for nye ordskifte om kva folkebiblioteket si rolle skulle og kunne
vere innafor dette definerte feltet. Eit felt som kan summerast i følgjande tri
ord, offentleg, profesjonelt og gratis.
Medan biblioteklova sikrar at folkebiblioteka blir ein del av den moderne
kulturpolitikken, veks det fram nye kulturelle og politiske straumdrag hos dei
unge. Straumdrag som skulle opne biblioteka for andre kulturutrykk enn den
tradisjonelle boka. På slutten av tiåret opnar biblioteka for teikneseriar,
musikk og andre ikkje-boklege medium. Denne "mangfoldighetens diskurs" som
forfattarane kallar det har sidan følgt oss vidare framover. Sjølv om dette
mediemangfaldet i dag blir sett på som sjølvsagt i folkebiblioteka i dag, så
klarte enkelte byrådsmedlemmer i landet hovudstad så seint som i fjor å hevde
at biblioteka skulle stå for bokutlån og halde seg vekke frå andre medium.
I løpet av 70-talet blir ungdomsopprøret sterkare og sterkare politisert og
politikken rykkar inn i biblioteka på ein ny måte. Dette var òg tiåret då
den økonomiske framgangen frå etterkrigstida fekk si første alvorlege knekk.
Venstredreiinga blant mange bibliotektilsette på starten av tiåret førte til
et nytt brukarfokus i folkebiblioteka. Det var etter dette ikkje nok å være
ein institusjon for dei som sjølv oppsøker og bruker biblioteka.
Folkebiblioteka må sjølv arbeide aktivt for at vanlege arbeidsfolk,
innvandrar, marginaliserte grupper m.v. skal kunne bruke tenestene bruke
biblioteka byr på. Sjølv om grunnen til å ha eit breitt brukarfokus har endra
seg opp gjennom dei siste tiåra, så er brukarinnrettinga frå dette tiåret
blitt ein del av biblioteka sin sjølvforståing. I Norge kjem dette m.a. til
syne i biblioteklova si setning om at: "Virksomheten skal være utadrettet,
og tilbudene skal gjøres kjent." Den sosialistiske diskursen i
biblioteka førte òg til auka merksemd rundt kva biblioteket si ideologiske
rolle i samfunnet kunne vere, og auka merksemd kva rolle biblioteket kunne spele
i forhold til brukarane. Men titåret var ikkje berre venstredreiing, det er òg
i dette tiåret høgrepopulismen dukkar opp som organisert politisk parti både
i Danmark og Norge. Framstegspartiet var det første partiet som i moderne tid
var programfesta motstandarar av offentleg bibliotekstell.
80 og 90 åra frå marknad til mangfald
Ved inngangen til 80 åra vende vinden frå venstre og stormkasta frå høgre blåste
inn over dei nordiske velferdsamfunna. Forfattarane skildrar i boka er den nye
politiske kvardagen med ein tragisk historie om det danske bibliotekarforbundet
sitt 1.mai arrangement i 1980. Nederlaget er ikkje berre politisk, biblioteka
fekk òg kjenne endringane. Offentleg sektor blei satt under hard politisk og økonomisk
press. Nedkjæringar og forsvarskamp pregar folkebiblioteka. I tilegg er det ein
diskusjon om kva rolle den nye informasjonsteknologien kan føre med seg for
biblioteka. Vil den gjere bibliotekarane arbeidslause og dermed fjerne
grunnlaget for folkebiblioteka slik dei har vore fram til no? For mange av
folkebiblioteka held fortsatt denne forsvarskampen fram.
Ein viktig vending på åttitalet var at marknadsteking fekk sterk innflyting på
offentleg verksemd ikkje minst på folkebiblioteka. Der ein på søttitalet
fokuserte på arbeidsplassbibliotek, var ein på åttitalet opptatt av
bibliotektenester til næringslivet og brukarinnrettinga blei endra til
kundefokus. På det viset blei samtida si marknadstenking trekt direkte inn i
biblioteka sin praksis.
Ved inngangen til nittitåra blir nokre trekk frå åttitalet vidareført,
samtidig som marknadstenkinga frå dette tiåret faktisk har medverka til å gje
biblioteka eit større mangfald å spele på. Denne opninga gjer at biblioteka i
det nye tiåret får ei forsterka politisk rolle. Kulturpolitikken i kommunane
er ikkje berre ei rein tenesteproduksjon til befolkninga, kulturpolitikken har
òg eit formål. Kulturen skal integrere nye landsmenn, kulturen skal gjere
staden attraktiv og vere eit verkemiddel i samband med byutvikling m.v. Både
som innhaldsleverandør og som kulturbygg kunne biblioteka spele ei rolle
lokalt. Samtidig blei mange gamle diskusjonsemne i biblioteka avslutta. Ingen
stilte lengre spørsmål med brukarinnrettinga, bibliotekbrukarane er kompetente
og sjølvstendige individ som ikkje vil underkasta seg ein autoritær
opplysningsideologi. I forlenginga av den erkjenninga er òg det meste av
diskusjonen om kvaliteten på innhaldet borte. I denne "rummelighedens
diskurs" som det blir kalla i boka, vil mangfaldet vere rettesnor både når
det gjeld bibliotekbrukarar og innhald. Nesten utan diskusjon blei òg
internettet tatt i bruk på biblioteka, utan at nokon lurte på om det kom til
å utkonkurrere folkebiblioteka.
I det nye tusenåret er det fleire idear som pregar utviklinga av
folkebiblioteka. Ingen som har vore tilstades på ulike debattar om
kulturpolitikk dei siste åra har unngått og høyre om Bilbao og
Guggenheimmuseet eller om operaen i Sidney. I Danske (og norske?) kommunar er
det bibliotek- og kulturhusa som kan og skal spele rolla som
identitetsmarkerande signalbygg. Eit anna fenomen som òg høyrer med når
kulturen si rolle blir diskutert er Richard Florida sine idear om den kreative
klassen. Utan kultur inga kreativ klasse, utan kreativ klasse ingen økonomisk
vekst.
Biblioteket i kunnskapssamfunnet?
Forfattarane Henrik Jochumsen og Caspar Hvenegaard Rasmussen går i denne boka
tett inn på folkebiblioteka sin plass i kulturpolitikken. Sjølv om dei og sjølvsagt
er inne på opplysningsdiskursen som ein del av biblioteka sitt grunnlag, så går
dei i liten grad inn på folkebiblioteka sin plass i kunnskapsdanninga.
Bakgrunnen kan sjølvsagt vere enkel, folkebiblioteka har ikkje funne seg ein
plass innanfor utdanning- og kunnskapssamfunnet. Etter at folkebiblioteka blei
ein del av den kommunale kulturpolitikken, så har dei både reelt og ideologisk
plassert seg inn under kulturpolitikken.
Denne plasseringa har ikkje vore einsidig negativ for folkebiblioteka. Tvert om
så har kulturpolitikken fått ei ny og meir offensiv rolle dei siste åra.
Ikkje minst båre fram av tankane til forfattarar som Rolf Jensen om drømmesamfunnet
og Richard Florida om den kreative klassen. Det er likevel grunn til å stille
spørsmål ved kva som er biblioteka sin plass mellom kultur og kunnskap. Det spørsmålet
stiller m.a. Spesialgruppa for folkebibliotekpolitikk i NBF i kampanjen
"Fr@ ditt bibliotek" frå 2005. I denne kampanjen blei
folkebiblioteket si plass i kunnskapssamfunnet framheva. I ei tid der m.a.
livslang læring og lesing har vore tema i folkebiblioteka skulle ein tru at det
og skulle finnast ein "kunnskapsdiskurs" i folkebiblioteka. Om
dette har vore eit tema i dansk bibliotekdebatt, så finn ein det ikkje igjen
hos Jochumsen og Hvenegaard Rasmussen.
Konklusjonar
"Folkebiblioteket under forandring" representerer bibliotekforsking
som folkebiblioteka treng. Eit kritisk blikk på vårt eiga fagfelt,
samtidig som kunnskapen kan lære oss noko om kvar vi står og kva utvikling vi
har vore gjennom. Det at ein i boka klarer å sjå samanhengen mellom dei
endringane som skjer i samfunnet og politikken utanfor biblioteka og dei
endringane som skjer innafor bibliotekfeltet, kan òg være med på å gje oss
kunnskap om bibliotekdebatten me står midt oppe i.
Den norske bibliotekdebatten er i dag i alle fall prega av to tendensar. Den
eine kjem til uttrykk i bibliotekutgreiinga "Bibliotekreform 2014".
Der det blir tatt til orde for ei organisatorisk samling av mindre bibliotek i
større einingar, men med svakare politisk styring av folkebiblioteka. Vil
synspunkta som blir presentert i bibliotekreforma være normgivande for
framtidig bibliotekdiskurs eller går utviklinga i ei anna retning?
Den andre tendensen som pregar ordskiftet om folkebiblioteka i dag går omkring
omgrepet Bibliotek 2.0. Vil 2.0 debatten føre til ein ny "teknodiskurs"
i folkebiblioteka eller vil teknologien framleis vere eit sidespor underlagt
andre og sterkare diskursar i biblioteka?
Nettopp med å vise oss korleis vi har enda her vi står i dag, kan forskinga
til Jochumsen og Hvenegaard Rasmussen og være eit bidrag til å finne ut
korleis vi nå kjem til å forandre oss vidare.
Bok:
Folkebiblioteket under forandring : modernitet, felt og diskurs / af Henrik
Jochumsen & Casper Hvenegaard Rasmussen. - København : Danmarks
Biblioteksforening , 2006
Litteratur:
Bibliotekreform 2014 . Del I : Strategier og tiltak. - Oslo : ABM-utvikling ,
2006 - 44 s.
På nett: http://www.abm-utvikling.no/publisert/ABM-skrift/2006/del1_web.pdf
Bibliotekreform 2014 . Del II : Norgesbiblioteket - nettverk for kunnskap og
kultur. - Oslo : ABM-utvikling , 2006 - 264 s
På nett: http://www.abm-utvikling.no/publisert/ABM-skrift/2006/del2_web.pdf
Florida, Richard: The rise of the creative class : and how it's transforming
work, leisure, community and everyday life / Richard Florida. - New York : Basic
Books , 2002 - XII, 404 s.
Fr@ ditt bibliotek – Folkebiblioteket Et sted å lære - på vei mot
kunnskapssamfunnet på nett: http://home.hio.no/~tord/afo/kamp/synlig.htm
Jensen, Rolf: The dream society : hvordan det kommende skift fra facts til følelser
vil påvirke erhverslivet og vor hverdag. - Viby : Jyllands-Postens
erhvervsbogklub , 1999 - 201 s.
Jochumsen, Henrik: Gør biblioteket en forskel? / af Henrik Jochumsen &
Casper Hvenegaard Rasmussen. - København : Danmarks Biblioteksforening : Center
for kulturpolitiske studier, Danmarks Biblioteksskole : Biblioteksstyrelsen ,
2000 - 167 s
Aabø, S. (2006) Skal det være noe mer før vi stenger?: om nedleggingen av
norske folkebibliotek. Prosa, 1, s. 6–12
på nett: http://www.prosa.no/artikkel.asp?ID=23.