KULTUR OG SAMFUNN
Svein Arne Tinnesand sin nettstad om politikk, bibliotek og kultur


Kva er dette?

Dette er ei nettside der eg legg ut artiklar og innlegg eg skriv ved ulike høve. Artiklane syner kva eg jobbar med og kva som opptar meg.

Eg er utdanna bibliotekar og arbeidar nå fagleiar for allmennkultur/ fylkesbiblioteksjef i Rogaland fylkeskommune.

Eg er oppteken av bibliotekpolitikk, og har vore medlem av referansegruppa som Kultur- og kyrkjedepartementet oppretta i samband med ei ny norsk bibliotekutgreiing. Som konsulent for Spesialgruppa for folkebibliotekpolitikk, som er ein del av Norsk Bibliotekforening har eg påtatt meg å sende ut ein politisk kalender Bibliotek Norge - postlista, frå tid til annen. For Norsk Bibliotekforening har eg vore med i redaksjonsgruppa for arbeidet med BibliotekReform, som er eit forsøk på å skapa ein heilskapeleg bibliotekpolitikk ved hjelp av nye arbeidsformer. I NBF er eg òg 5.varamedlem til hovudstyret. Eg er leiar av fylkesbiblioteksjefkollegiet sitt arbeidsutval.

Eg er varamedlem til styret i Rogaland kurs og kompetansesenter. I Sosialistisk venstreparti har eg hatt fleire verv m.a. fylkesleiar i Rogaland SV og vore medlem av landsstyret i partiet. Eg var også medlem av arbeidsprogramkomiteen som la fram forslag til nytt arbeidsprogram for perioden 2005-2009.

Artiklane på nettstaden blir lagt ut i den form de hadde når de ble publisert, derfor blir ikkje nettlenkene eller noe anna i artiklane oppdatert.

Takk til Geir Lund og www.geirlund.net/ for hjelp med publiseringa av nettstaden.


 

 

 

 

 

 

Stavanger, juni 2007
Svein Arne Tinnesand