Medieval, marknad og sensur
Av Svein Arne Tinnesand
Seinvinteren 2006 raste det ein heftig diskusjon på e-postlista Biblioteknorge.
Dette er e-postlista som Nasjonalbiblioteket servar, der føremålet er
"generell diskusjon om bibliotekspørsmål", som det står på
nettstaden til lista. Bakgrunnen for ordskiftet var presseoppslag om at
Stavanger bibliotek ville inngå ein avtale med USA sin ambassade om eit "American
Corner" på Sølvberget. Ordskiftet blei òg følgt opp av massemedia.
Deltakarane i ordskiftet om samarbeidsavtalen var sterkt ueinige om det var rett
å la ambassaden få direkte innverknad på medievalet i eit norsk
folkebibliotek. Medieval er grunnleggjande i styringa av biblioteka. Difor vil
eit ordskifte om medieval òg vere eit ordskifte om kva rolle biblioteka skal ha
i (lokal)samfunnet. Medieval inneber òg at noko må veljast vekk frå
biblioteka. Det vil difor vera viktig å diskutera tilhøvet mellom medieval og
sensur. Kva utfordringar står biblioteka overfor når det gjeld sensur og
medieval i ei tid då informasjonsmarknaden flaumar over?
Norsk biblioteksensur eit historisk unntak
Det moderne folkebiblioteksystemet i Norge har røter tilbake til
allmugebiblioteka på 1800-talet og endå lengere bak i tid, men det var med
biblioteklova i 1935 folkebiblioteka slik vi kjenner dei, oppstod. Det
offentlege ordskiftet på 1930-talet var prega av sterke motsetningar m.a. om
religion, politikk og seksualitet. Nationaltheatret blei truga med økonomiske
sanksjonar frå Stortinget på grunn av stykket Guds grønne enger, og Arnulf Øverland
blei tiltalt for blasfemi i samband med foredraget "Kristendommen – den
tiende landeplage". I dette klimaet blei òg bokvala til biblioteka
diskutert. Ikkje minst var høgresida oppteken av at biblioteka hadde ei
einsidig og "kommunistisk" slagside. Vekeavisa til Fedrelandslaget,
ABC, skreiv om boksamlinga på Deichmanske bibliotek: "Biblioteket har 2 bøker
om nasjonalsosialisme og 72 om kommunisme" (Ringdal, 1985, s. 177). Trass i
av debatten om kva biblioteka kjøpte inn, så var nok det største problemet på
1930-talet at kommunane og folkebiblioteka mangla pengar til bokinnkjøp. Å
sensurera biblioteksamlingane slik det skjedde i Tyskland, Italia og
Sovjetunionen, var ikkje aktuelt i Norge. Unntaket var åra 1940–45 da landet
var okkuperte av Tyskland.
I februar 1941 sende dei nazistiske styresmaktene ut forordninga om "vern
av norsk bokheim". I august same året kom den fyrste lista over bøker som
skulle dragast inn frå forlag, bokhandlar, bokbinderi og bibliotek. På denne
lista stod mange av dei forfattarane som blei kritiserte på 1930-talet, mellom
anna bøkene til Arnulf Øverland. Det var likevel dei politiske skriftene om
sosialisme og kommunisme som utgjorde hovudstammen av inndregne bøker. Nå var
det ikkje alle stader at bøkene blei fysisk inndregne. I dei seksten største
folkebiblioteka og dei vitskapelege biblioteka skulle ein setja vekk bøkene og
fjerna katalogkorta (Ringdal, 1985, s. 187). Under det 5. nordiske bibliotekmøtet
i København i 1947 kunne byråsjef Arne Kildal frå Oslo fortelja at bortimot
25 000 bind blei inndregne under krigen. Om lag halvparten av dei dukka opp
igjen og blei sette på plass i biblioteka etter krigen (Kildal, 1947, s. 100).
Okkupasjonsåra var på alle måtar eit unntak når det gjeld sensur av
folkebibliotek. Etter krigen har styresmaktene halde seg borte frå
biblioteksamlingane. I nokre tilfelle har det likevel vore situasjonar der
biblioteka er blitt sette på prøve i høve til ytringsfridomen. Fyrst og
fremst i samband med utgjeving av kontroversielle bøker.
Dei kontroversielle bøkene
I 1957 verserte saka om Agnar Mykle sin roman Sangen om den røde rubin i
rettssalane. Svært mange lokale bibliotek blei enten pressa av lokalmiljøet
eller valde sjølve vekk boka lenge før saka om "Rubinen" var blitt
ei sak for rettsvesenet. Like før jul i 1956 blei det kjent at Kristiansand
folkebibliotek ikkje ville ta inn boka fordi ein såg på boka som pornografisk.
Dermed starta ein brei debatt om innkjøpspolitikken til biblioteka. Avgjerda i
Kristiansand folkebibliotek, skriv Geir Vestheim, stilte folkebibliotek over
heile landet overfor eit dilemma: Å nekta innkjøp av boka ville vera eit
signal om at ein lét moralske omsyn og lokalpolitisk press avgjera bokkjøp i
folkebiblioteka, og det ville prinsipielt ramma all kontroversiell litteratur.
Å kjøpa boka kunne derimot bli tolka som sedløyse og ein libertinsk innkjøpspolitikk
(Vestheim, 1997, s. 291). I aviser over heile landet gjekk debatten. Bergen
offentlige bibliotek hadde si eiga grunngjeving for å ikkje kjøpa inn boka.
Sidan handlinga var frå Bergen, kunne personar gjenkjennast. Det offentlege
biblioteket skulle ikkje vera ein stad der ein lånte ut "en bok som gir
til beste en del sladrehistorier om en del samtidige bysborgere" (Heger,
1985, s. 27). Når til slutt det rådgjevande utvalet i Statens bibliotektilsyn
ikkje tok med boka i lista over bøker som kunne kjøpast inn med statstilskot
for 1957, var det svært mange, mellom anna Den norske forfatterforening, som
oppfatta dette som eit forsøk på sensur (Annaniassen, 1999, s. 142). Sjølv om
ein del folkebibliotek kjøpte inn boka, var det ikkje biblioteka som gjekk i
front for å sikra at boka blei gjort tilgjengeleg for publikum.
Ei anna bok som tjue år etter ”Rubinen” førde til ordskifte om forholdet
folkebiblioteka hadde til ytringsfridomen, var Loran C-rapporten. Dette var ei
bokutggjeving av den såkalla Schei-rapporten, ein hemmeleg undersøkingsrapport
som var avlevert til Stortinget. Rapporten handla om eit av Norge sine bidrag
til spionasje mot Sovjetunionen under den kalde krigen. Den 16. desember 1977
presenterte avisa Dagbladet ei undersøking som bibliotekstudent Halvdan Wiik
hadde gjort. Denne undersøkinga viste at berre halvparten av folkebiblioteka i
kommunar med over 8000 innbyggjarar hadde kjøpt inn boka. Mange grunngav
manglande innkjøp med at dei ville vera lojale mot norske styresmakter (Biblioteknorge).
Som eit apropos til sensur av bøker og bibliotek kan ein òg nemna Uten en tråd
av Jens Bjørneboe. Denne boka blei forboden og inndregen av norske styresmakter
i 1967. Sjølv om boka var skriven av ein kjend forfattar, blei det denne gongen
ingen diskusjon om boka skulle kjøpast inn til biblioteka. Boka blei utgjeven
som ei pornografisk bok på det litle Scala forlag som hadde spesialisert seg på
denne typen litteratur. Biblioteka hadde neppe vurdert boka i det heile. Over
tjue år seinare, i 1988, blei boka utgjeven på nytt, denne gongen av Pax
Forlag. I samband med denne nyutgivinga laga bibliotektidsskriftet Bok og
bibliotek eit intervju med dei kjende bibliotekarane Vigdis Moe Skarstein,
Erling Bergan, Lars Hansen Juvik og Sissel Nilsen. Alle dei som blei spurde,
svara at dei nå ville seia ja til å ta inn boka i biblioteket (Bok og
bibliotek, 7, 1988).
Trivialitetar eller sensur?
Dei siste åra har ordskiftet om sensur i biblioteka stort sett avgrensa seg til
ein liten rutineprega svingom på valplassen. Der deltakarane er bibliotekarar
som ikkje vil kjøpa inn akkurat den boka eller den serien, eller foreldre eller
lærarar som står fram, moralsk indignerte fordi dei har funne ei bok, ein
teikneserie eller noko anna på biblioteket som dei synest inneheld for mykje
sex, dop eller vald. I ordskiftet som gjekk om Deichmanske bibliotek skulle ta
inn serien om Frøken Detektiv, blei bibliotekarane skulda for å ta politiske
omsyn i kjøp av litteratur til barn og unge. Forfattaren Arne Falck som gjekk i
hardt ut i debatten, hevda mellom anna at han hadde høyrt bibliotekaren uttala
at "Frøken Detektiv er rasediskriminerende, og Hardy-guttene er kjønnsdiskriminerende
og den ensomme rytter er også diskriminerende" (Ringdal, 1985, s. 247).
Trass i harde utfall i enkeltsaker, skiftande med publikum eller presse som avslørar
kva biblioteket ikkje tek inn i samlinga eller motsett, liberale bibliotekarar
mot moralske pressgrupper, har denne debatten relativt liten innverknad på kva
som finst på norske folkebibliotek. Nokre bøker og andre medium vil det alltid
vera diskusjon om skal inn i biblioteksamlingane. Dei siste åra har debatten gått
om blad som Blikk eller Cupido, seriar som Gøsserne eller Sagaen om isfolket og
ulike teikneseriar, filmar og dataspel. Den nyaste saka så langt er frå
Erfjord skule i Suldal kommune, der ungdomsbokserien Tusen biter blei flytta
vekk frå skulebiblioteket – og over på hovudbiblioteket, etter førespurnad
frå lærarar og elevar ved skulen (Stavanger Aftenblad 16. mars 2006).
Skulle biblioteka verkeleg ta omsyn til alle dei ulike klagemåla som finst mot
innhaldet i bøker, blader og ulike media, ville det snart blitt lite igjen i
bokhyllene. Eit bibliotek som gjev etter for press frå denne typen
grupperingar, vil ofte bli sitjande igjen med svarteper om det blir eit
offentleg ordskifte om avgjerda. Det har me sett i høve til bibliotek som
nektar å kjøpa inn bokseriar som Sagaen om isfolket og andre typar
serielitteratur. I dei tilfella vil det vera lett for kritikarar å framstilla
biblioteka og bibliotekarane som gamaldagse vaktarar av den gode moral og den
gode smak. Slik som til dømes litteraturprofessor Willy Dahl gjer i ein
artikkel i Bok og bibliotek i mai 1993 under tittelen "Om bibliotekarers
bekymring for lånernes lyster". På den andre sida har organisasjonar som
Familie & medier – kristent medieforum Kkl og BarneVakten vore pådrivarar
for eit strengare regime, i biblioteka òg.
Ordskiftet triviallitteratur, smak og moral er ikkje eit ordskifte om sensur og
ytringsfridom, det er eit ordskifte om medieval. Spørsmålet om ytringsfridom
og sensur vil alltid vera eit spørsmål om tilhøvet mellom styresmakter og dei
som blir styrde. I Norge er ytringsfridomen slått fast i grunnlova. Her finst
det ingen førehandssensur, ytringar som ikkje er lovlege, må prøvast mot
loven i etterhand. Grensene for ytringsfridomen kjem fram i nokre få
lovparagrafar om diskriminering, blasfemi, pornografi og injuriar. Alle forsøk
frå enkeltgrupper på å setja grenser for ytringsfridomen, vil vera nettopp
forsøk. Oppgåva til styresmaktene vil vera å forsvara ytringsfridomen, òg når
det fører til at styresmaktene forsvarar ytringsfridomen til dei gruppene som
vil hindra ytringsfridomen.
Smak og medieutval: tre nordiske studium
Sjølv om ordskiftet om kva bibliotekaren tek inn på kvart enkelt bibliotek
stadig dukkar opp til overflata, så er det gjort relativt lite systematisk
arbeid med å finna ut kva bibliotekarane eigentleg legg til grunn for dei vala
dei gjer. Tre undersøkingar som blei gjorde i åra frå 1994 til 2004, vil
likevel kunna vera med på å klarleggja kva biblioteka sjølve legg vekt på, både
når det gjeld litterær smak og når det gjeld kva praksis bibliotekarane legg
seg på i formidling av litteratur i biblioteka. I 1994 gav Johannes Balslev og
Kerstin Rosenqvist ut Bibliotekarien och samvetet – en rapport om nordisk
bibliotekarieetik. I denne rapporten forsøkte dei å finna kva etiske val
bibliotekarar i dei nordiske landa la til grunn for løysingar av ulike
problemstillingar knytte til medievalet. I 2002 offentleggjorde Jofrid Karner
Smidt avhandlinga Mellom elite og publikum – litterær smak og
litteraturformidling blant bibliotekarar i norske folkebibliotek, som var ei
breiddekartlegging og ei djupintervjundersøking av den litterære smaken til
bibliotekarane. I september 2004 kasta den svenske høgreorienterte tenkjetanken
Timbro seg inn i ordskiftet om bokvala til biblioteka med ei undersøking
Svenska bibliotek djupt vänstervridna av Johan Norberg og Björn Wallace.
Johannes Balslev og Kerstin Rosenqvist spør bibliotekarane om kva val dei gjer
i ulike samanhengar. Både når det gjeld kva dei vil låna ut til ulike lånarar
og kva dei vil ta inn på biblioteket både av bøker og av brosjyrar som blir
tilsende utanfrå. I denne undersøkinga, som er fellesnordisk, kjem det fram at
bibliotektilsette er glade i korkje pornografi, ekstreme politiske eller religiøse
synspunkt. Dei er lojale mot sine politiske overordna, men dei er sterke
forsvararar av ytrings- og informasjonsfridommen. Dei handsamar brukaren med
same respekten enten han er av låg eller høg byrd, og dei strekkjer seg langt
for å gje brukaren det brukaren vil ha.
Jofrid Karner Smidt har gjennomført ei spørjeundersøking blant alle
fagutdanna bibliotekarar i norske folkebibliotek. I tillegg intervjuar ho ni av
desse for å kunna kartleggja den litterære smaken. På den måten har ho
kartlagt kva litterære preferansar som pregar dei som står for medievalet i
biblioteka. Undersøkinga viser at bibliotekarane som gruppe har brei litterær
smak. Ho viser òg ei yrkesgruppe som har stor grad av toleranse overfor
brukarar som ikkje deler bibliotekaren sin smak. Undersøkinga viser at på det
skjønnlitterære området er det stort samanfall mellom det biblioteka kjøper
inn, og det publikum ønskjer å finna på biblioteket.
Timbro-undersøkinga frå svenske bibliotek er gjennomførd ved at forfattarane
ved hjelp av bibliotekkatalogane har undersøkt om biblioteka har utvalde bøker,
som på førehand er definert som venstrevridne eller høgrevridne. Funna i
rapporten er at biblioteka var stappfulle av venstrevridne bøker, medan bøker
frå høgre var mykje svakare representerte. Konklusjonen til Johan Norberg og
Björn Wallace er at biblioteka (i Sverige) er djupt venstrevridne, utan breidde
i bokvalet. Rapporten konkluderer på følgjande måte:
Slutsatsen är ofrånkomlig. Vid de svenska biblioteken föreligger i bästa
fall ett uppenbart skevt urval, i värsta fall en systematisk utsortering på
politisk grund. Långt från att vara en demokratins och mångfaldens motvikt
mot den ensidighet och inskränkthet som råder på andra håll har de svenska
biblioteken allt mer blivit ännu en kanal för denna ensidighet (Norberg 2004).
Dei funna som dei to førstnemnde undersøkingane kjem fram med, samsvarar òg
med korleis biblioteka oppfattar sin eigen praksis. Nedfelt i form av
retningsliner for medieval som finst i norske bibliotek. Teksten nedanfor er
henta frå retningslinene for medieval på Drammen bibliotek:
Aktuell samfunnsdebatt skal gjenspeiles i bibliotekets innkjøpspolitikk.
Biblioteket skal ikke fremme voldelig eller rasistisk litteratur. Omstridte
emner bør om mulig være representert med ulike standpunkter. I utviklingen av
samlingen skal det tilstrebes et variert og bredt utvalg innen genre og
materialtyper for alle bibliotekbrukere til fritidsbruk, studier og faglig
fordypning. Bok- og medievalget skal ikke preges av bibliotekarenes egne
preferanse.
Sjølv om ikkje alle folkebibliotek har vedteke retningsliner for medieval, vil
nok dei fleste oppfatta biblioteka som representantar for det ein kan kalla ein
"danna" smak. I eigne, og kanskje òg i dei fleste andre sine auge, nøytrale
både i litteraturvala og i politikken.
Bestseljarboom i biblioteka
Sommaren 2004 starta Morgenbladet ein artikkelserie om innkjøpspolitikken til
biblioteka. Bakgrunnen for serien var at den danske forfattaren Martin Glaz
Serup sin kontrakt med forlaget hadde blitt oppsagd. Forfattaren meinte at
oppseiinga var eit resultat av at dei danske biblioteka kjøpte inn mindre
breidde og færre titlar, og heller satsa på å kjøpa inn dei bøkene som
garantert blei utlånte. Morgenbladet gjekk straks i gang med å finna ut kva
norske bibliotek kjøpte inn. Dei fann til sin skrekkblanda fryd ut at norske
bibliotek ikkje skilde seg ut frå sine danske kollegaer – ikkje på ein
positiv måte i alle fall. Tvert om fann dei ut at 34 av dei 50 mest utlånte bøkene
på norske folkebibliotek kom under kategorien krim- og populærlitteratur. Det
viste seg òg at det var denne litteraturen biblioteka brukte innkjøpsbudsjetta
sine på. I drøftinga av desse funna drog dei òg inn forskinga til Jofrid
Karner Smidt. Ho kunne i eit intervju stadfesta at bibliotekarane sin litterære
smak ikkje var særskilt avansert og at utlånstala til biblioteka likna mykje
salstala til bokhandlarane (Vold, 2005).
Nå skal det leggjast til at den norske innkjøpsordninga for skjønnlitteratur
gjer problemstillinga som Serup dreg opp, litt mindre aktuell i Norge. Innkjøpsordninga
sørgjer for at norske bibliotek får tilsendt heile breidda i den norske skjønnlitteraturen
frå Kulturrådet. Det ser likevel ut som om artiklane i Morgenbladet nærma seg
eit av dei problema som pressar seg fram òg på norske folkebibliotek.
Fyrsteamanuensis Cecilie Naper ved Høgskolen i Oslo har samanlikna utlåna i
norske folkebibliotek med salet av bøker i bokhandlane. I eit intervju med Per
Olav Solberg i nettutgåva av Bok og samfunn 10. januar 2006 seier ho at det ser
ut som at det i løpet av åra frå 1990 til 2000 har blitt eit større og større
samsvar mellom bestseljarlistene frå bokhandlarane og utlånstala i
folkebiblioteka. Grunnen til dette meiner Naper at ein mellom anna finn i ein
liberalisert bokbransje, der fokuset blir retta inn mot bestseljarane og bort frå
breidda.
At dette er eit brennheitt tema blei klart då NRK Kulturnytt 4. mai 2006 kunne
melda at Norsk kulturåd ville halvera innkjøp av lyrikk til biblioteka, fordi
denne litteraturen ikkje blei utlånt. Dette har både forfattarar og
forlagsfolk sett seg sterkt imot. At forleggjarar og bokhandlarar samtidig legg
ned brosjyren Årets bøker, som er den einaste publikasjonen som presenterer
heile breidda i bokutgjevingane på ein plass, forsterkar berre inntrykket av
ein meir einsretta og marknadsstyrd bransje.
Gåver til bry
Medan artiklane i Morgenbladet handla om den litterære smaken til
bibliotekarane og om praksisen i biblioteka, kom ordskiftet om gåvene frå USA
våren 2006 i større grad til å handla om kven som skulle påverka innhaldet i
biblioteka og kor nøytrale folkebiblioteka eigentleg kunne vera. Dei fleste
bibliotek mottek frå tid til anna gåver i form av bøker, hefte, blad med meir
som dei ikkje har bestilt. Svært mange av desse gåvene blir av biblioteka
vurderte som heilt relevante, og difor blir dei inkluderte i biblioteksamlinga.
Under okkupasjonen mottok norske folkebibliotek bokgåver frå okkupasjonsmakta.
Det er mogleg at dette var meint som ei form for kompensasjon for dei bøkene
som blei inndregne. I tillegg til propagandaskriftene var her òg skrifter av
Goethe, Rilke og ulike andre tyske klassikarar. Etter krigen var det sjølvsagt
mange som ønskte at dei tyske gåvene skulle reinskast ut av hyllene på
biblioteka. Dette kravet blei imøtegått av mellom anna konstituert
sjefbibliotekar på Deichman, Trygve Aalheim, som meinte at desse skriftene høyrde
heime i samlingane til biblioteket (Ringdal, 1985, s. 189).
Den tyske bokgåva var spesiell, det var ei gåve frå okkupasjonsmakta og blei
av mottakaren oppfatta som ei tvangstrøye. Etter krigen blei likevel gåva
handsama som ei vanleg gåve og blei verande i samlinga. I dag mottek biblioteka
òg gåver frå gjevarar med ulike motiv. Norske folkebibliotek mottek til dømes
blada Forsvarets forum, Norsk Militært Tidsskrift og skriftserien til Den
norske Atlanterhavskomiteen som gratis gåver. Desse tidsskriftene gjer på
nettsidene sine annonsørar og lesarar merksame på at dei finst på biblioteka.
For dei som har interesse av forsvars- og militærpolitikk, vil desse skriftene
vera viktige informasjonskjelder sjølv om dei alle har ei forsvarsvenleg tilnærming
til fagfeltet. Spørsmålet blir sjølvsagt om forsvarskritikken får like brei
plass i samlingane til biblioteka. Rapporten Bibliotekarien och samvetet kjem
indirekte inn på akkurat dette emnet. I eit av spørsmåla til bibliotekarane
blir dei bedne om å rangera åtte ulike brosjyrar som biblioteka har motteke om
ulike tema, ut frå kva dei ville og kva dei ikkje ville ta inn på biblioteka.
I eksempelrekkja inngår ein "Skrift som, uppmanar til vapenvägran".
Dette skriftet blir av dei bibliotektilsette sett nest nedst av dei ulike
alternativa. Det einaste skriftstykket som kjem lågare på lista er "Ett
informasjonsblad om en religiös sekt utsänt av sekten" (Balslev, 1994, s.
65). Haldninga som kjem fram i denne undersøkinga og haldninga som styrde ein
stor del av biblioteka i forhold til Loran C-rapporten, vil kunna vera ei
utfordring til kravet om at "Omstridte emner bør om mulig være
representert med ulike standpunkter".
Mangfaldig og modig – om budsjettet held …
Det biblioteka gjerne oppfattar som si nøytrale og objektive rolle, set altså
grenser for kva biblioteka skal innehalda. Objektiviteten i biblioteka ser ut
til å sentrera innhaldet mot ei konsensushaldning både litterært og politisk.
Det kan føra til at objektiv informasjon i røynda blir informasjon med ei
eller anna form for "offentleg godkjentstempel", eller at ein tek inn
dei bøkene som "folk vil ha". I ein slik samanheng blir den enkelte
bibliotektilsette sitt syn på litteraturen eller på militærpolitikken
underordna det ein trur kan godkjennast hos det breie publikummet.
Folkebiblioteka skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen
kulturell virksomhet gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og
annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet. Det
enkelte bibliotek skal i sine tilbud til barn og voksne legge vekt på kvalitet,
allsidighet og aktualitet. Virksomheten skal være utadrettet, og tilbudene skal
gjøres kjent. Folkebibliotekene er ledd i et nasjonalt biblioteksystem.
Det er denne lovteksten frå § 1 i lov om folkebibliotek som gjer at biblioteka
gjev alle som bur eller er i landet, rett til å lesa boka, søkja på nettet
eller bla i avisa utan at dei treng å betala for det. Sjølve lovteksten i
biblioteklova kan lesast innanfor ulike tolkingar. Ei tolking er at dette er ei
lov om utjamning. Difor skal tenestene på biblioteket vera gratis.
Utfordringa mot denne utjamninga vil sjølvsagt vera økonomien til biblioteka.
Det er ikkje mogleg å driva økonomisk utjamning utan pengar. Politikarane i
landet må altså vera villige til å satsa på bibliotek. Fram til nå har
politikarar på alle nivå signalisert at bibliotek er ei viktig samfunnsoppgåve.
Det vil likevel alltid vera ei grense for kor villig samfunnet er til å betala
for at informasjon skal vera gratis for brukarane. Biblioteka må gjera eit val,
ut frå kva som blir etterspurt og kva som er mogleg å få tak i innanfor dei
økonomiske rammene biblioteka arbeider. Ideelt sett ville ein gjerne tilby
brukarane "alt", men økonomien set sine grenser. Enten det gjeld dyre
elektroniske informasjonstenester eller det gjeld mange nok eksemplar av Da
Vinci-koden. Gjennom eit medvite medieval skal biblioteka likevel sikra at
brukarane får eit tilbod der biblioteka "legge(r) vekt på kvalitet,
allsidighet og aktualitet".
Truverd og verdsetjing
Når det gjeld brukarane sine forventningar, og bruk av biblioteka, har ein
gjennom mange ulike målingar fått stadfesta at folkebiblioteka er populære
institusjonar. Den viktigaste forskinga i Norge på dette feltet er gjord av
Svanhild Aabø med doktorgradsarbeidet The Value of Public Libraries frå 2005.
I denne avhandlinga blir det slått fast at befolkninga verdset biblioteka fire
gonger høgare enn dei offentlege bibliotekbudsjetta tilseier. Dei danske
forskarane Henrik Jochumsen og Casper Hvenegaard Rasmussen har i Gør
biblioteket en forskel? frå 2000 leita etter kva biblioteka eigentleg tyder for
den enkelte innbyggjar og brukar. Det gjer dei gjennom djupintervju med både
aktive bibliotekbrukarar og med folk som ikkje bruker biblioteka. Ei av dei
viktige oppdagingane er at folk bruker biblioteket på ulike måtar, at
biblioteket ikkje er eintydig, men mangetydig, alt etter ulike livsfasar og ulik
bruk av tenestene som biblioteket byr på. Biblioteka var òg omtala som
truverdige institusjonar, noko som gjorde at dei hadde høg legitimitet både
hos storbrukarane av tenestene, men òg hos folk som ikkje var brukarar av
biblioteka. Både i Svanhild Aabø si undersøking og hos Henrik Jochumsen og
Casper Hvenegaard Rasmussen blir oppslutnaden om biblioteket frå
ikkje-brukarane understreka.
Denne legitimiteten er tufta på at biblioteka står fram som truverdige aktørar
både når det gjeld innhald og mangfald. Sjølv om biblioteka nå har høg
tillit når det gjeld breidde og nøytralitet, er det fleire ting som kan
undergrava denne tilliten. Ein ting er avtaler med den amerikanske ambassaden. Når
ambassaden ønskjer å samarbeida med norske bibliotek for å få fram eit meir
nyansert syn på USA, så seier dei samtidig at norske folkebibliotek ikkje har
eit nyansert syn på USA i sine samlingar. På same måten som den svenske
Timbro-undersøkinga gjev ambassaden eit inntrykk av at dei norske biblioteka er
einsidige i høve til val av "politisk" litteratur. Kor medvite dette
er frå ambassaden si side er det vanskeleg å slå fast, men verknaden er den
same – tap av truverd for folkebiblioteka.
Marknadsmakt og medieval
Det største trugsmålet mot eit fritt medieval kjem likevel ikkje frå
ambassadar og pressgrupper. Trass i at tilhøvet ikkje alltid har vore utan
gnissingar, ser det ut til at norske folkebibliotek har forvalta sitt pund på
ein god måte i forhold til brukarane og publikum generelt. Ordskiftet om
USA-avtala viste òg at bibliotektilsette i Norge er svært opptekne av dei
etiske spørsmåla kring medieval, press og påverknad. Den største utfordringa
for biblioteka vil vera å stå fram som eit alternativ med truverd i
informasjonsstraumen til marknadssamfunnet. På alle kulturfelt er det ein
tendens til at trass i ei enorm breidde, er det berre ein smal del som blir
synleg. Bestseljarlister, bokklubbar, kjendisblad og fjernsyn definerer i stor
grad kva som skal vera rådande på marknaden. Dette påverkar òg vala til
biblioteka. Både Jofrid Karner Smidt og Cecilie Naper er inne på dette i ulike
intervju (Morgenbladet, Bok og Samfunn). I ein mediebransje med fokus på
etterspurnad vil biblioteka nærast automatisk retta blikket den same vegen. Sjølv
om det på kort sikt kan få opp utlånstala, er det likevel ein dårleg
strategi, meiner Karner Smidt (Morgenbladet 8. juli 2005).
Biblioteket må difor representera eit alternativ til marknadstvang. Tillita og
den politiske legitimitet til biblioteka byggjer på at dei tilbyr ei stor
breidde både når det gjeld litteratur og informasjon. Difor er samfunnet
villig til å betala for at me har institusjonar som låner ut bøker av
forfattarar som Heinrich Bøll og Arne Garborg. Om folkebiblioteka vel å kasta
seg ut i konkurransen med Narvesen og bokhandlarane for å gjera Sagaen om
isfolket best mogleg tilgjengeleg, kan denne legitimiteten på lengre sikt
forvitra. Nettopp fordi biblioteka skal sikra ”kvalitet, allsidighet og
aktualitet" er det viktigare at ein finn den intolerante avisa Dagen på
biblioteka, enn at ein finn det liberale Dagbladet der. I dagens medieverd er
det Dagen som er den alternative røysta medan Dagbladet representerer lite anna
enn marknadstenking og kulturell middelhavsfart. Dagbladet kan ein dessutan
finna i kvar einaste butikk og kiosk over heile landet.
Samtidig kan ikkje legitimiteten og tillita folkebiblioteka har i folket,
haldast oppe utan at folk bruker dei. Folkebiblioteka skal gjennom sitt medieval
både fremja den generelle lesegleda og gjera tilgjengeleg den offentlege
debatten, sjølv om det er i Dagbladet si middelmåtige og tabloidiserte form.
Det er denne balansegangen mellom marknad, sensur og mangfald på den eine sida
og brukaroppslutnad, tillit og legitimitet på den andre sida som gjer medieval
til eit viktigare val enn kor ein skal kryssa av i bestillingslista frå
Biblioteksentralen.
Litteratur
Annaniassen, E. & Vestheim, G. (1999) Bok over land: trekk ved Statens
bibliotektilsyns historie. Oslo, Tano Aschehoug.
Balslev, J. & Rosenqvist, K. (1994) Bibliotekarien och samvetet: en rapport
om nordisk bibliotekarieetik. København, Nordisk ministerråd.
BarneVakten [Internett]. Tilgjengeleg frå <barnevakten.no>.
Biblioteknorge@nb.no For generell diskusjon om bibliotekspørsmål [Internett].
Tilgjengeleg frå <www.nb.no/archives/biblioteknorge.html>.
Dahl, W. (1993) Om bibliotekarers bekymring for lånernes lyster. Bok og
bibliotek, 7, s. 11–13.
Drammen bibliotek (2004) Retningslinjer for medievalg [Internett]. Tilgjengeleg
frå <http://bibliotek.drammen.kommune.no/buskerud/drammen/drammenbib.nsf/id/46EAAFAE14BEB765C1256F5B0049A837?OpenDocument>.
Familie og medier – kristent medieforum Kkl [Internett]. Tilgjengeleg frå
<www.fom.no>.
Forfatter (1988) "Uten en tråd" i biblioteket? Bok og bibliotek, 7,
s. ? (Intervju med Vigdis Moe Skarstein, Erling Bergan, Lars Hansen Juvik og
Sissel Nilsen.)
Forfatter (2006) Ambassade vil motvirke demonbilde av USA. Stavanger Aftenblad
9. mars 2006. (Intervju med Petter Næss frå den amerikanske ambassaden.)
Forfatter (2006) Fjerna bokserie frå skulebiblioteket. Stavanger Aftenblad 16.
mars 2006.
Forsvarets forum [Internett]. Tilgjengeleg frå <www.fofo.no
>.
Heger, A. (1985) "Men landet er Norge …": prosessen mot Agnar Mykle
1956–58. Oslo, Gyldendal.
Jochumsen, H. & Rasmussen, C.H. (2000) Gør biblioteket en forskel? København,
Danmarks Biblioteksforenings Forlag.
Kildal, A. Folkeopplysningsarbeid i Norge i dag. Oslo, særtryk af det 5.
nordiske bibliotekmøde i København 1947.
Naper, C. (1993) Det vanskelige valget. Bok og bibliotek, 3, s. 6–10.
Norberg, J. & Björn, W. (2004) Svenska bibliotek djupt vänstervridna: en
undersökning [Internett]. Tilgjengeleg frå <timbro.se/text.aspx?id=64>.
Norsk Militært Tidsskrift [Internett]. Tilgjengeleg frå <www.nor-miltids.com>
NRK Kulturnytt (4. mail 2006) Lyrikk kan forsvinne [Internett]. Tilgjengeleg frå
<www.nrk.no/nyheter/kultur/5653040.html>.
Ringdal, N.J. (1985) By, bok og borger: Deichmanske bibliotek gjennom 200 år.
Oslo, Aschehoug.
Serup, Martin Glaz (2005) Avantgarde og kitsch. Morgenbladet 8. juli 2005.
Smidt, Jofrid Karner (2002) Mellom elite og publikum: litterær smak og
litteraturformidling blant bibliotekarer i norske folkebibliotek. Oslo, Unipub.
Solberg, P.O. (10. januar 2006) Nær sammenheng mellom bokkjøp og utlån
[Internett]. Tilgjengeleg frå <http://www.bokogsamfunn.no/Nettutgaven/122272/122593>.
Tinnesand, Svein Arne (2003) Folkeopplysningsprosjektet må utvikles, ikke
avvikles! Bok og bibliotek, 5, s. 38–41.
Tinnesand, Svein Arne (2004) Biblioteka og ytringsfridomen. Bibliotekaren, 10,
s. ?
Vestheim, G. (1997) Fornuft, kultur og velferd: ein historisk-sosiologisk studie
av norsk folkebibliotekpolitikk. Oslo, Samlaget.
Vold, B. (2005) Folkets forlangendeMorgenbladet 8. juli 2005. (Intervju med
Jofrid Karner Smidt.)
Aabø, S. (2006) Skal det være noe mer før vi stenger?: om nedleggingen av
norske folkebibliotek. Prosa, 1, s. 6–12 på nett: http://www.prosa.no/artikkel.asp?ID=23.