Politisk kalender
Mange vil at folkebiblioteka skal vera meir synlege i politikken. For at me skal få til det må me følgje med på, og delta på dei politiske arenaene. Eg har på vegne av Spesialgruppa for folkebibliotekpolitikk i NBF påtatt meg å sende ut ein politisk kalender frå tid til annan. Her vil eg ta opp ulike saker som vedkjem folkebiblioteka.
Politisk kalender desember 2005
KommunepolitikkPolitisk kalender november 2005
Regjeringa sitt
budsjettframlegg - nye stortingskomitear
Som venta har den raudgrøne regjeringa gjort store endringar på statsbudsjettet
for biblioteka er det ikkje henta inn dei store summane på dette budsjettet
heller . Nytt av året er at NBF for fyrste gong får statsstøtte som
organisasjon på lik linje med dei andre organisasjonane i ABM-sektoren. Den største
og viktigaste endringa i budsjettet vil for folkebiblioteka sin del vera aukinga
i overføringane
til kommunane. I mange kommunar vil det merkast at kommunen kan få større
handlingsrom.
Stortinget har konstituert seg og valt medlemmer til dei ulike fagkomiteane. Sjølv om dei profesjonelle lobbyistane frå næringslivet meiner at
Stortinget er blitt mindre viktig for lobbyistar
nå som det er ei fleirtalsregjering, trur eg at for bibliotekpolitikken vil både
kultur, utdannings, og kommunalkomiteen kunne vere viktige arenaer.
Seier i Oslo?
Bibliotekmeldinga i Oslo er behandla i Kultur- og utdanningskomiteen
i Groruddalen blir instillinga oppfatta som ein seier,
men ikkje utan at det og kjem meir pengar til bibliotekdrifta. I Time kommune på Jæren blir det sett av 25 millionar kroner til
nytt
bibliotek,
det
betyr likevel ikkje at biblioteket berre har lyse utsikter framover, med kutt i
mediebudsjett og mogleg forbetring i 2009.
Ytringsfridom
Både i Norge
og i Sverige er det ofte vanskeleg for
tilsette i kommunane å kritisere eigen kommune. Det heldigvis ikkje alle som
opplever å bli sparka frå talarstolen på kommunestyremøtet slik Frp i Osterøy
prøvde seg på under ordskiftet om økonomien i kommunen. Ei som tydelegvis
ikkje er så lett å bli kvitt er Kaja Stabel i Fredrikstad
.
Digital framtid
Framtida er digital FN skipar i denne uka til ei verdskonferanse der informasjonsamfunnets framtid skal diskuterast.
Den digitale kløfta er
temaet som tas opp i NTNU sitt nettidskrift Gemini .
Dette vil vere ei
stor utfordring for biblioteka, og det er interessant og sjå korleis forbrukarrådet
grunngjev satsinga på forbrukarinfo i biblioteka.
Statistikk
Kvinner er de ivrigste kulturbrukerne er overskrifta på kultur og fritidsstatistikken som blir presentert i
Samfunnsspeilet, statistikken omhandlar ikkje bibliotekbruk. Biblioteka har heller ikkje nokon
god statistikk å forholda seg til. Ein av dei som har tatt opp dette er Tord Høivik
på bloggsida Plinius.
Nokre andre som venter svar (i dag?) er systemleverandørane. Sjølv trur eg mange føler det same som
Steinar Thorsen i Tvedestrand
bibliotek.
Bibliotekas framtid
Norsk bibliotekforening inviterer deg og alle andre til å vere med på å
utforme framtidas bibliotekpolitikk. Det gjer dei på ein
såkalla Wiki som gjer at kven som helst kan delta i skrivinga.
ABM-utvikling inviterer til innspel til den offisielle bibliotekutgreiinga på
sin nettstad.
Dei har også lagt ut referat frå møta som referansegruppa for utgreiinga har
.
Politisk kalender oktober 2005
Nytt Storting og ny
regjering
Den nye regjeringa
presenterte seg for folket i dag. For fyrste gang i mi levetid har
regjeringa med folkebiblioteka i si regjeringserklæring
.
Kven som får plass i dei ulike komiteane
på Stortinget veit me om nokre få dagar.
Uansett har representantar for NBF
allreie hatt det fyrste møtet med representantar for dei raudgrøne.
Statsbudsjettet
Det siste Bondevik-regjeringa gjorde var å legge fram eit forslag til
statsbudsjett. Kor mye vekt som skal leggast på dette budsjettet er ikkje godt å sei,
kanskje like godt å tru på gjettinga til osloavisa Verden Gang.
Kommunane
Nå føreligg NOUen om ei ny inntektsfordeling for kommunane.
Om det er Sogn og fjordane,
Finnmark
eller Osloområdet
som tapar mest på forslaga er blitt ein eigen konkurransegrein mellom
distrikta. At det står skralt til med økonomien mange plassar er sikkert nok.
I Sarpsborg har dei ikkje råd til å utgreia nytt bibliotek
i Grue kommune har ikkje
biblioteket eingong råd til ei
bok.
I ein forskingsrapport som blir presentert i ein artikkel
på www.forskning.no, blir det slått fast at demokratiet tapar når kommunane
blir ASifisert. Likevel tyder oppslaget
i Økonomisk rapport at kommunane fortsatt har tru på privatisering.
Bredbånd redder ikke bygdene
slår Osloavisa Aftenposten fast i ein artikkel. Men det kan hende at sterk
satsing på kultur kan gjere det om me skal tru Stavanger Aftenblad.
Blogging
Søndag kveld heiter Tord Høivik sitt nyheitsbrev som han publiserar på
bloggen Plinius,
den er absolutt verdt å lesa. I SK nr.40 har han under overskrifta Blogg
i vei laga ein oversikt over norske bibliotekbloggar.
Dei farlege biblioteka
Det var vel ikkje dette
me ønska oss når me ville at biblioteka skulle bli farlegare.
Svenske ETC reklamerar nå med at bøkene dei har gitt ut kan lånast digitalt. Legg merkje til at
lenka
om utlån leier oss til dei svenske folkebiblioteka. Politisk kalender
september 2005 Valet Sjølv om folkebiblioteka
ikkje sto øvst på dagsorden under valkampen, trur eg mange rundt om
i kommunane ventar at denne regjeringa skal stå for noko nytt. Ikkje minst har
ventar kommunane på betre
økonomiske rammevilkår. Kommunal Rapport presenterte to dagar etter valet
dei forventningane
som finnes i KS . Om ikkje KS
blir splitta før den tid. Oslo Bibliotekutgreiinga Bibliotekstrategi Struktur Politisk kalender
valekstra Måndag er det stortingsval, eg har
i juniutgåva av
Politisk kalender presentert dei ulike partiprogramma. Eg har også i førre
utgåve presentert det dei kallar kulturløftet. Politisk kalender august 2005 Synleggjering Politisk kalender juli
2005 Kommuneøkonomi Politisk kalender juni
2005 Partipolitikk Statsbudsjett og
kommuneproposisjon Åndsverklova Bibliotekpolitikk Statistikk Politisk kalender mai
2005 Folkebibliotekpolitikk
Eit framlegg som neppe vil ha same tyding for folkebiblioteka er handsaminga
av meldinga om Kultur og Næring der er biblioteka fråverande.
Det kan av og til verke like greitt å skape AS av kultur er ikkje
alltid like vellukka. Politisk kalender april 2005
Kommunane Politisk kalender mars 2005
Politisk kalender februar 2005
Partipolitikk Politisk kalender januar 2005
Arkiv: Politisk
kalender frå 2004
Ny bibliotekpolitikk
Arbeidet med bibliotekutgreiinga
går stadig framover, nå føreligg ei rad med delutgreiingar. Analyseselskapet ECON som blei brukt i
scenarieprosessane
i bibliotekutgreiinga får så hatten passar i Klassekampen, der dei blir skylda for å ha ein eigen politisk agenda.
Parallelt med den offisielle bibliotekutgreiinga arbeider NBF med å lage ein
eigen bibliotekpolitikk
og ein av dei næraste dagane inviterer dei heile Norge til å bli med på
utforme politikken på ein såkalla Wikipedia. altså eit nettdokument der alle
kan skrive inn sine ting. Ikkje la denne sjansen gå frå deg til å få
med kva du synes er det viktigaste for biblioteka i framtida.
Statistikk
I mangel på statistikk avsluttar eg denne gangen med ein TNS-gallup undersøkning
om kommunale tenester. Sjølv om han gir godt resultat for biblioteket, er eg nok i tvil om kor stor
verdi ei slik undersøking har.
Valet
er over og for fyrste gong på svært lang tid har me fått eit fleirtal på
Stortinget bak ei ny regjering. Dette har med eit slag endra ståa for
lobbyorganisasjonar som NBF. Nå må ein ikkje bare å påverke
Stortinget, men gå ennå tettare på regjeringspartia og regjeringa.
Valkamp eller ikkje valkamp i Oslo går ordskiftet
om bibliotekmeldinga vidare. Etter det åpne møtet om meldinga som NBF i Oslo
arrangerte dukka denne nye bibliotekbloggen
opp på nettet. Gratulerer til Kari Frodesen! Meir, meir. Partia i Oslo er og tvinga til å sette biblioteka høgare på agendaen før meldinga skal
handsamast i bystyret. Arbeiderpartiet
i hovudstaden skriv i et innlegg at byen har bruk for meir framtidsretta
bibliotekpolitikk.
Arbeidet med bibliotekutgreiinga held fram nå føreligg
den fyrste delrapporten. Det er ugreiinga Bibliotekene
og det flerkulturelle Norge som er laga av Robert W. Vaagan frå Høgskulen
i Oslo. Andre innspel til bibliotekutgreiinga er lagt ut på ABM-u
sin nettstad.
Norsk bibliotekforening har satt i gang sitt arbeid med å
meisle ut ein ny
strategi for biblioteka. Alle vert oppfordra til å delta i arbeidet
med å styrka NBF si bibliotekpolitiske profil.
Strukturendringane på regionnivå går for seint seier KS i ei fråsegn. Etter at valet er over er det fleir som håpar på fortgang i arbeidet for å
styrka det regionale nivået.
Denne gongen har eg undersøkt om partia på
stortinget og Raud valallianse har komme med bibliotekpolitiske utspel i løpet
av valkampen. Det har eg gjort med å søke etter ordet bibliotek på dei ulike
partia sine nettstader og valt ut dei treffa som kjem opp etter 20. august. Gitt
dei grensene som ligg i metoden eg har brukt, kan ein vel seie at bibliotek
ikkje framstår som det mest sentrale i denne valkampen. Resultatet var to
treff.
SV i Vestfold seier: Bibliotek
- motor for kunnskap og demokrati. Senterpartieti Østfold har lagt ut ei
side der alle kandidatane svarer på spørsmål
om bibliotek.
All ære til NBF i Vestfold og i Østfold som har tatt opp bibliotekpolitikk i
valkampen. Det ser ut som om me får ein jobb og gjere også når valet er vel
over.
Dette var sumaren då biblioteka var breaking
news i fleire av landets aviser. Nytt nasjonalbibliotek, nytt bibliotek i
Tromsø, bibliotekdebatt i Oslo og ikkje minst IFLA kongressen har vært framme
i media.
Oslo
Oppsikt vekte det då Framstegspartiet sin kulturbyråd i Oslo som nekta å
stilla til debatt om si eiga bibliotekmelding, nå ser det ut som om hun stiller likevel.
Meldinga har likevel ført til eit omfattande ordskifte om kva folkebiblioteka
skal vere, noko som har fått Aftenposten til å postulera at biblioteka ikkje
treng fleire festtalar, men fleir pengar. NBF i Oslo har og laga ein uttale til meldinga
og laga innlegg i Dagbladet. Møtet om planen er 23. august.
Tromsø
I Tromsø er det endeleg opna nytt bibliotek. I Drammen har dei og
byrja bygging av nytt bibliotekog
kranglar om kva navn nyskapinga skal ha.
Nasjonalbiblioteket
I Drammensveien er bygd om og nyåpna. Noe som har fått Morgenbladet til å ta opp igjen
spekulasjonane om maktkamp
i institusjonen, sjølv har eg ikkje heilt sansen for bruken bladet gjør av
skjulte kjelder. Samtidig er det viktig at maktstrukturar og i kulturnorge blir
utsett for offentleg ordskifte slik den Knut Olav Åmås i Aftenposten satt i
gang i sumar.
Ifla
Den viktigaste og synligaste hendinga denne sumaren har vært Ifla-konferansen i
Oslo i samband med denne er det komme fram meiningar om bibliotekpolitikken,
ikkje berre frå oss i vesenet sjølv men og i andre samanhengar. I Aftenposten
hadde kulturredaktør Per Anders Madsen ein eigen kommentar
og gav plass til synspunkt frå andre. Nationen fylgjer opp med
leiarartikkel, og Klassekampen
kunne avsløre CIA infiltratørar.
I Stavanger nytta biblioteket vår litle pre-Ifla konferanse
til å stilla spørsmål om kva folkebiblioteket skal vere.
Informasjonssamfunnet
Statistisk sentralbyrå har kartlagt informasjonsamfunnet, og moderniseringsministeren har laga ein
politikk for eNorge fram mot 2009.
Filialar
Kva skjer når filialane forsvinn, det danske nettidsskriftet Søndag Aften tar
opp dette temaet i siste utgåve. Sjølv har eg tidligare påstått at talet på
filialar ikkje betyr så mykje
for utlånstala
. Dette er et av dei områda det burde ha vore forska meir på, slik at eg (og
andre) kan basera utsegnene våre på kunnskapar og ikkje på tilfeldige
tolkingar.
Val
12.september er valdagen. Eg har tidligare presentert alle partiprogramma m.a i
kalenderen for juni. Dei raudgrøne har nå presentert ei ny nettside med kulturløftet sitt.
Bibliotekpolitikken er ein del av punkt 11.
Les
Om bibliotekstrategiar og kva som skjer i Norden i det skandinaviske
folkebibliotektidskriftet SPLQ.
Sjølvsagt handlar det om kommuneøkonomi denne gongen og. I fylgje tall frå KS
manglar kommunane svimlande 45 milliardar for å vere à jour. Det fekk dei ikkje i
denne runden heller
men det er sterkt antyda at kommunane vil få meir pengar frå neste år. Sjølv
om me ikkje veit kva kommunane får til neste år, har KOSTRA
ein oversikt over korleis pengane blei brukt i fjor. Kommunane i Rogaland meiner
dei var best på
kultur, det
skulle bare mangle me har ambisjonar om å bli europeisk
kulturhovudstad.
Dette stadige maset om kommuneøkonomi frå underteikna si side blir nå brukt i
bibliotekarutdanninga som grunn til at studentane skal lære seg økonomi.
Åndsverklova
Endeleg har Stortinget vedtatt ny åndsverkklov. Fleire enn eg har
reagert på nivået enkelte av opphavsrettsorganisasjonane la seg på i denne debatten.
Frode Bakken og Kristine Abelsnes som har ført ordet på vegne av NBF, spør i
ettertid om
Kopinor lengre er folkebiblioteka sin allierte i kampen om gratis
bibliotektenester .
Sjølv lurer eg
framleis på om leiaren Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF)
vil starte konkurrerande bibliotek
nå som lova er vedtatt.
Folkebibliotekbruk
Folkebibliotekbruken aukar i Norge,
i Danmark og i Storbritannia. Kva nye brukargrupper meiner om folkebiblioteka kan ein lese i kommentarane
til denne artikkelen.
Bibliotek og samfunn
ABM-utvikling gjer ut ein utmerka skriftserie. Her er det mykje å hente for fleire. Denne gangen vil eg slå eit slag for
skriftet Folkebiblioteket som offentlig møteplass i en digital tid
av Hilde Ljødal. Takk til forfattaren, til utgjevaren og til biblioteka som er
med i undersøkinga. Dei viser at biblioteka kan spela ei aktiv rolle i
lokalsamfunnet. Løp og les!
Andre som ynskjer at biblioteket skal spela ei rolle i samfunnsdebatten er
Stavanger bibliotek med prosjektet Hot Spot,
debatten har ikkje uteblitt.
Andre som gir oss reine ord for pengane i det bibliotekpolitiske ordskiftet er
FRParane i Oslo
og i Trondheim. Desse innspela verkar likevel både saklege og faglege i forhold til fylgjande
oppslag hos broderfolket.
Offentleg informasjon
Nyleg blei den offentlege nettstaden Norge.no
relansert av moderniseringsministeren. Eg veit ikkje om det kven som har sove når denne blei laga, men
folkebiblioteka finn du lettare fram til om du brukar bibliotekvegvisaren
til Biblioteksentralen, sjølv om den og skulle ha vært oppdatert.
Bibliotekstrategiar
Norsk bibliotekforening har satt i gang arbeidet med eit bibliotekpolitisk
dokument kalla Strategidokument 2005.
Tord Høivik har laga ei kanaloversikt
over fagleg kommunikasjon og digital debatt. Treng enda meir påfyll kan
du
og fylgje med på den svenske postlista.
Statistikk
For statistikkfetisjistar er SSB sitt tidsskrift Samfunnsspeilet
obligatorisk lesing. Denne gangen handlar det m.a. om mattekunnskapar, digitale
skilelinjer, etter- og vidareutdanning og kommunale brukarundersøkingar.
Nyttige ting alt saman.
IFLA
Før eg kjem med neste utgåve av kalenderen skal verdskongressen til Ifla
finna stad i Oslo.
Som ei del av Ifla-arrangementa finn det stad ein prekonferanse her i Rogaland,
alle som ynskjer ei mjuk oppstart på møta i Oslo er velkomne hit.
Forgjengarane imøtegår kulturbyråden si bibliotekmelding. Så vidt eg hugsar var det venstre (av redsle for at oslofolk og skal betale
eigedomsskatt) som sørgja for at Frp fekk plass i byrådet
Nå har alle partia vedtatt sine program. Det er disse programma som dannar
utgangspunkt for regjeringsforhandlingane til hausten
Dei Raudgrøne : Arbeidarpartiet,
Senterpartiet
og Sosialistisk
venstreparti. Dei sitjande: Høgre,
Kristelig
folkeparti men pr. 29.5 er nettsida deira ikkje brukande og Venstre.
Dei som ikkje er får vere med i regjering? Framstegspartiet
og Kystpartiet.
For folkebiblioteka vil det være like viktig kva det står om kommunar og
kommuneøkonomi som det som står om bibliotek.
Revidert statsbudsjett er under handsaming.
Forslaget frå regjeringa
med pressemeldingar i frå Kultur-
og kyrkjedepartementet og Kommunal-
og regiondepartementet. Saka vil bli handsama i Stortinget.
Forslaget til kommuneproposisjon
er og lagt fram til handsaming i Stortinget.
Lesing
Universitet i Stavanger har lagt fram undersøkinga
om vaksnes lesedugleik (ALL). I siste nummer av Samfunnspeilet
som blir utgjeven av Statistisk sentralbyrå finn ein fleire artiklar som
handlar om lesing.
Lova skal handsamast
i kulturkomiteen i dag (30.5), håpar eg. NBF har vært aktive i ordskiftet
og har laga ei nettside
om arbeidet med lova.
Kan det vere oppmodningane i tidligare kalendrar? Nå
har NBF har satt i gang strategidebatt.
Så er det opp til oss å delta. Nokon som heilt sikkert vil delta er det nye
styret i Spesialgruppa for folkebibliotekpolitikk.
Det er ikkje godt å sei kva tid me får
bibliotekstatistikken frå 2004 i hende. I Rogaland klarte me ved hjelp av ei
framifrå jobbing frå statistikkansvarleg
på fylkesbiblioteket å få fram tal til biblioteksjefmøtet i mai. Tala blei presentert
av underteikna på dette møtet.
Det er nå eit år sida eg lagde den fyrste kalenderen,
så dette blir ei jubileumsutgåve. Sjølv meiner eg at folkebiblioteka har
hamna høgare på den politiske dagsorden i landet vårt i løpet av dette året,
utan at det treng å vere samanheng av den grunn. Eg trur at bidraga frå Oslo
kommune og Bærum har
vært med på å få bibliotekpolitikken fram i media. Kjellaug Bjerkli Haaberg
sitt entusiastiske innlegg
på
bibliotek-Norge lista og Gunhild Gjevion sitt faktaark
viser at nå lages det politikk for synleggjering og offensiv tenking mange
plasser rundt om i landet.
Kommunepolitikk
Kommunestruktur kommer i mange år framover å vere
eit tema i ordskiftet om kommunane si framtid både KS
og Kommunaldepartementet fylgjer
utviklinga.
Lokaldemokrati har og vært ein gjengangar i ordskiftet om kommunane si framtid.
Under leiing av Stavangerordføraren Leiv Johan Sevland har den såkalla
lokaldemokratikommisjonen lagt fram si fyrste rapport.
Konkurransen
For dei som lurer på kor Byrådet i Oslo hentar
sitt ideologiske tankegods frå kan ein alltid ta ein skikk innom hos våre
vener i Liberaleren, bibliotek
er konkuransevridning, så veit me det.
Når me fyrst er inne på konkurranse. Nå har regjeringa gjort gjeldane ny føreskrift
til konkurranselovgivinga
for biblioteka vil §.3 vere viktig. Det kan og hende at biblioteka kan bruke
denne til å presse fram ennå større rabattar enn 20%.
Eit anna lovarbeid som påverkar biblioteka, er vedtak
knytte til ny Åndsverklov .
Det ein spør seg om er, kommer biblioteka etter? GATS, WTO og andre
internasjonale avtaler om frihandel vil kunne være med å åpne for ei slik
utvikling. I Sverige har bis laga ei eigen nettside
om dette.
Menneskebiblioteket
Både i dagspressa
og i bibliotekpressa
har utlån av mennesker vært ei sak i den siste månaden, denne nyskapinga blei
gjennomført for fleire år sida i regi av Internasjonalt bibliotek
i Stavanger.
Bibliotekutgreiinga
Scenaria
frå bibliotekutgreiinga er nå tilgjengelege for alle. Eg skreiv i førre
kalender at eg utfordra miljøet sjølv til å utforma krav til
bibliotekpolitikken, sida det nå er eit akutt behov for betre
bibliotekpolitikk så spelar eg ballen over til NBF. Sett i gang, lag
bibliotekpolitikk.
Tal
Innsamlinga av tal til bibliotekstatistikken nærmar seg slutten. Årets
statistikkhandtering nærmar seg ein skandale, eg håper likevel at ein kan få
ut tal frå statistikken som kan brukast vidare. Førebels tal frå
folkebiblioteka i Rogaland viser at utlånet er det høgaste nokon sinne og at
det er bokutlånet som aukar mens utlånet av andre medier fell.
Ja
vi elsker kommunen skriv Osloavisa Aftenposten, bakgrunnen er ei
undersøking av kommunalt
servicenivå som blir presentert av forbrukarrådet. Undersøkinga
blir og kommentert av Kommunal- og regionaldepartementet
Kommuneøkonomi
Kva skjer med kommuneøkonomien, det vil alltid vera
ein gjengangar når ein skal drive folkebibliotekpolitikk. I fylgje KOSTRA-tala
frå SSB skjer det no ei betring. Også KS
seier det er betring, men held fast på at økonomien er stram
Regjeringa er nøgd
med tala.
I Danmark veks dei kommunale
kulturbudsjetta utanom bibliotekbudsjetta og forskjellane
mellom kommunane aukar.
Kommunepolitikk
100
kommunar mot stupet er den dramatiske overskrifta i Nationen når avisa
presenterer 4 framtidsscenarier for bygdenorge som Landbruksdepartementet har
bestilt. Eg har tidligare presentert bygdesamfunn som vil driva private
bibliotek, nå står
sjølve kultursjefen for tur skal me tru oppslaget i Nationen . Det er
kanskje ikkje så rart at kultursjefen
i Telemark nå vil åtvare mot utviklinga med svekka kultursektorar i
kommunane.
Oslo burde ikkje vere ei av dei utsette kommunane, men bibliotekmeldinga
frå byrådet får kritikk
frå redaktøren av Bok og Bibliotek i Dagsavisen. Debatten om
folkebibliotekets framtid i Oslo er ein debatt som både politikare og fagfolk bør
delta i.
Fylkeskommunen
Fylkeskommunen og det regionale nivået er oppe til
debatt. Kommunal- og regional departementet har fått laga ein rapport
som vurderer fylkeskommunen som regional utviklingsaktør. Same
departementet har også lagt fram regionalmeldinga.
Storting og regjering
Kultur og næring er det nye mantraet i næringsutviklinga
for tida, nå har også regjeringa
lagt fram si melding om dette.
Bibliotekutgreiinga
I samband med bibliotekutgreiinga er det nå satt i
gang eit scenariearbeid
. Tord Høivik har gjennom NBF lagt opp til at ennå fleire skal kunna lære
noko av prosessen og har laga to nettsider om emnet: 1) Bibliotekscenarier
: En praktisk innføring og Fremtidsbilder
og strategier. Fordi bibliotekutgreiinga skal resultera i konkrete forslag
til bibliotekpolitikk, er det nå viktig at miljøet sjølv utformer politiske
tiltak som kan styrke biblioteka.
Politikarane
Ivar Johannesen som sjølv er kommunepolitikar i Oslo har
laga ei glimrande liste med
oversikt over lokale og sentrale politikarar, nå også med e-posten til
alle landets ordførarar.
Hovudbolken denne gang blir om kommuneøkonomien. Statistisk sentralbyrå har lagt fram
tala for kommunane i 2004 -
underskota har blitt redusert i løpet av fjoråret. SSB presenterer også optimistiske
skattetal-
frå januar. Regjeringa lover og meir til kommunane
til neste år. Trass optimismen desse meldingane kan føre til, er KS
ikkje nøgde, dei meiner at underbalansen i kommunesektoren aukar.
KS har og laga ei spørjeundersøking der det kjem fram at kommunane
kutter i kulturbudsjetta når dei planlegg neste års nedskjeringar. Nå skal ein
alltid ta slike tal med ei klype salt, kva dei seier dei
vil gjere og kva dei gjerer ikkje alltid det same. Biblioteka har jo og
fått svært mykje positivomtale i forlenginga av Svanhild Aabø sitt
doktorgradsarbeid, m.a. i Osloavisa Aftenposten.
Ei anna avis som fylgde opp begge dei to tinga var Dag og Tid, men berre i den trykte utgåva.
Strukturdebatt
Ordskiftet om kor store regionar og kommunar me skal ha går vidare. KS sitt
landsstyre
har gjort vedtak om at de vil ha store regionar.
Møre og Romsdal truer med å melda seg ut or KS.
Så sisteordet om kva regionnivå me skal ha i framtida er ikkje sagt.
Heller ikkje når det gjeld kommunane er det full semje om at dei må bli
større, enten det er i Finnmark
eller i Telemark.
Demokrati
Regjeringa har lagt fram si demokratimelding.
Kva skjer med lokaldemokratiet, kva vil folkebibliotekas rolle vere?
Lesing
Rogaland fylkeskommune har sendt sin strategiske plan for lesing
ut på høyring. Dei som vil ha meir handling og færre ord, kan fremje
lesinga blant dei fattige her.
Bibliotekpressa
Bibliotekforum slår til med viktige bibliotekpolitiske artiklar i siste nummeret.
NBF
sin nettstad har og blitt ei viktig kjelde til nyheter og reportasjar, med Monbiot,
Bakken/Audunson og ikkje minst valet i SFP (me gratulerer det nye
styret), som toppsaker mandag den 7.3. Eg trur at hovudstyret i NBF
gjorde rett i å avvisa utspelet om eit ABM-media. Bibliotekpolitikken er mest
tent med at aktørane speler ulike roller i høve til kvarandre.
Statistikk
Me venter - ikkje på Godot - men på ABM-utvikling.
Nå
seier dei at statistikkbreva kjem denne uka, det gler me oss til.
Nå har også Framstegspartiet lagt ut framlegg til nytt partiprogram.
Det same har Høgre,
Kristeleg
folkeparti, Arbeidarpartiet,og
Senterpartiet.
Med
dette skulle de fleste partia ha lagt fram sitt forslag til politisk program
for den kommande fireårsperioden. Landsmøta i partia vil avgjer korleis
programma til slutt blir sjåande ut, veljarane vil avgjerde kva program som
være med på å styre Norge. I Danmark der det nettopp har vore val, skriver
Søndag Aften
at dei viktigaste
kulturpolitiske sakene ikkje blir tatt opp i partiprogramma.
Kommuneøkonomi
Er det betring å spore? KS legg fram ein rapport utarbeida av ECON om
kommuneøkonomien analysen viser også til regjeringa si perspektivmelding
om norsk økonomi. I fylgje eit oppslag i Kommunal Rapport
har kommunane budsjettert
med 5000 færre årsverk dette året.
Kulturbygg
Nye folkebibliotek har igjen rett på støtte. Det kjem fram i eit rundskriv
frå KKD til fylka. Nå er det avgjerande viktig at biblioteka bidrag til at fylkeskommunane
vedtar at folkebibliotek skal bli ein del av ordninga. Det er opna for at
dette kan avgjerast i kvar enkelt fylke.
Opphavsrett
Fredag vart Ot.prp. nr. 46 (2004-2005)Om lov om endringar i åndsverkloven
m.m.
lagt fram. NBF sitt opphavsrettsutval
har signalisert at dei vil sjå på kva følgjer denne får for biblioteka. Den
norske utgåva av Electronic Frontier Foundation, EFN-Norge
har allreie starta et offentleg ordskifte om Ot.proppen. Det er ikkje berre
i Norge at spørsmåla om opphavsrett er viktig for biblioteka, derfor har
europeiske bibliotek gått saman om å starte organisasjonen EBLIDA
som skal arbeide med
desse tinga i eit internasjonalt
perspektiv.
Når me først er inne på emnet opphavsrett vil eg nytte høvet til å
reklamere
for nettstader som publiserer verker som har falt i det fri, som
prosjekta
Gutenberg,
Runeberg og marxist internet archiv.
Prosjekt
Det største digitale prosjektet i norsk bibliotekhistorie Norsk digitalt
bibliotek er nå under arbeid. Dette
prosjektet vil vera avgjørande for korleis den digitale framtida til
folkebiblioteka i Norge skal bli.
Nytt frå SFB
SPF er i ferd med å konstituere
seg som fast spesialgruppe i NBF, hugs at skal gruppa bli slagferdig er det
avgjerande at folk som er opptatt av folkebibliotekpolitikk tar kontakt og
melder seg inn. Den 19.januar sparka gruppa i gang aksjonen @ditt
bibliotek
som har fått stor merksemd. Kreative folk i på folkebiblioteka bør være med
på å finne gode måtar å vidareføra denne aksjonen.
Tall
SFB tilbyr nå også statistikkurs.
Det var ei verd i sjokk som gjekk inn i det nye året. Ei naturkatastrofe av
ufattelege dimensjonar råka ein del av verda der mange frå før levde i nød på
grunn av fattigdom og konfliktar. Sjokket har ført til ei vilje til hjelp som
me sjeldant har sett her i landet. Til nå har det blitt samla inn ein
halv milliard til flomofra i fylgje NTB. Biblioteka
har og vore ein del av den enorme folkelege rørsla som har vore reist i
solidaritet, både i Norge og internasjonalt
. Når den akutte nøden etterkvart blir avhjelpa er det viktig at også me
i bibliotekverda brukar vår kunnskap til vere med å bygga opp bibliotek,
skular og anna infrastruktur som trengs for utdanning og demokrati.
SFP-valg
Spesialgruppa for folkebibliotekpolitikk har fram til nå vært organisert med
et sjølvalgt interimstyre. Nå skal gruppa etablerast som ei fast spesialgruppe
med valt leiing. For
og melda deg inn, og vera med på valet må du melda deg på postlista.
Sjølve stiftingsmøtet skal finne stad i forkant av NBF sin strategikonferanse
på Hell torsdag den 10.februar.
Tall
Ved overgang til eit nytt år blir tall som skal gjennspeila fjoråret
presentert, så også for biblioteka. Ei av dei meir kuriøse er presentasjonen
av dei mest leste forfattarane som biblioteksystemet Bibliofil
presenterer. Anders Ericson problematiserer denne i ein kort
artikkel på NBF sin nettstad. Det er ikkje til å komma forbi at den slags
stoff gjer seg godt i pressa, men den seier nok meir om folkebiblioteka sine
bokinnkjøp enn den seier om bruken av biblioteka.
Den tradisjonelle utlåns-
og besøkstatistikken slik me presenterer han f.eks frå Rogaland
fylkesbibliotek har også sine sider. Eg tror likevel at han i større grad
kan vera med på å synleggjera kva biblioteka er. I løpet av januar vil ABM-utvikling
senda ut brev om korleis den offisielle bibliotekstatistikken for 2004 skal
samlast inn.
IFLA
I 2005 skal IFLA holde sin verdskonferanse
i OSLO. Dette blir den aller største treffstaden for folk som arbeider med
bibliotek dette året. I samband med konferansen vil det også verta arrangert Satellite
meetings, nokre av dei andre stader enn i Oslo.
Bibliotekutgreiinga
Arbeidet med bibliotekutgreiinga er i gang. NBF vil ha denne som tema på sin strategikonferanse
som eg har vore inne på tidligare . På ABM-utvikling si nettside
om utgreiinga er det også lagt ut innspel frå andre. Les og diskuter,
ingen er tent med at utgreiinga føregår utan at miljøet sjølv deltar i
debattane.
Med helsing
Svein Arne Tinnesand
http://www.geirlund.net/tinnesand/