Fram for ein ny regionalpolitikk

Regjeringserklæringa frå Soria Moria slår fast at det også i framtida skal vere tre folkevalde forvaltningsnivå. Erklæringa seier og at reformeringa av regionnivået skal settast i verk1. januar 2010. Dette inneber at den raudgrøne regjeringa nå sett fart i ein prosess som har stått stille i fire år. Mykje av utgreiingsarbeidet er alt gjort i NOU 22- 2000 og i Stortingsmelding 31 (2000/2001). Arbeidet i forsettinga av disse meldinga blei stoppa av Høgre i hausten 2001. 

Av Svein Arne Tinnesand

For fire år sida var det mest umogleg å forsvare det regionale folkevalte nivået i det politiske ordskiftet. Høgresida hadde i stor grad fått gjennomslag for at det var viktigare å få fart på A/S Norge enn det var å sikra demokratisk styring. I løpet av dei siste åra har dette snudd. Ingen seriøse deltakare i ordskiftet klarer å påvise at me ikkje lenger treng eit  folkevalt regionalt nivå i Norge, med unntak av useriøse framlegg frå  Framstegspartiet og delar av Høgre dreiar ordskiftet seg nå om den geografiske storleiken på dette nivået. Mange konsentrerer seg nå om å konstruera nye kart for regionaliseringa, det er ikkje sikkert at det er rette enden å starte utviklinga av sterke regionar i.
 
Det er berre å slå fast dagens fylkesinndeling ikkje er ideell til alle føremål, men det er det heller inga anna inndeling som vil vera. Dagens fylkesinndeling har ei historisk forankring, den fungerer som valkrets til Stortingsvalet og ulike organisasjonar og parti operer med fylkesnivå. Difor er fylkeskommunen den eininga som i dag fungerer som ei felles politisk arena på regionalt nivå. Ei felles politisk arena er avgjerande viktig for det regionale mellomnivået. Eit nivå utan politisk legitimitet i befolkninga vil føra til eit "demokratisk underskott", og tilsvarande manglande tillit hos veljarane. Dette må samanslåingar av fylker og geografiske utvidingar ta omsyn til, ellers vil ordskiftet om regionalt forvaltningsnivået køyre seg fast i spørsmålet om kor mange fylke som skal slåast saman. 
 
Sterke regionar
I staden for storleik må ein derfor ta utgangspunkt i demokratiske, og funksjonelle regionar. Funksjonelle regionar vil vera område der dei folkevalde og veljarane kan klara å samla seg om felles mål. Det og regionar der historiske og administrative strukturar har gitt innbyggjarane ei form for felles identitet.
 
Et regionalt politisk nivå må vere knytte til oppgåver som skal løysast. Den aller viktigaste vil vera regionalt utviklingsarbeid. Det tyder samferdsel, næringsutvikling, undervisning, kultur, miljøforvaltning og planlegging. Dette er oppgåver som i dag blir ivaretatt av dagens fylkeskommune, av dagens fylkesmannsembete og av statlige institusjonar av ymse slag. Skal fylka vere funksjonelle må meir av styringa av dette leggast til folkevald regionalt nivå. For at dette skal skje må makt overføras frå område som i dag delvis er utanfor folkevald politisk kontroll eller der den folkevalde politiske kontrollen er utøvd gjennom vedtak på enkeltpostar i statsbudsjettet.
 
For å finna ut kva konkrete etatar/kontor og statlege organ som skal overføras til folkevald styring på regionalt nivå  må det vurderast ut frå kva oppgåver dei har. Det viktigaste kriteriet må vera at det vil vera mogleg å driva regional politikk på områda. Då må både A-etat og regionale høgskolar vurderast for overføring til regionane, det same må regionkontora i tunge statlige verksemder så som trygdeetaten og vegvesenet.

Regional næringspolitikk
I fleire år har fylka hatt sterke ambisjonar om å driva ein regional næringspolitikk, dette har dei og delvis lukkast i. Fylkeskommunane har i stor grad vore dei einaste regionale aktørane som har kunne samla eit fragmentert næringsliv og offentleg innsatsapparat i nokon som helst retning. Fylka har også tradisjonelt sett hatt kompetanse som gjer at næringslivsatsinga  kan koplast mot reiseliv, samferdsel, kultur, opplæring m.m. Likevel er det klart at svært mange av dei regionale verkemidlane i næringsutviklinga ligg utanfor de folkevalte si kontroll. Ikkje minst er fylkesmannens landbruksavdelingar viktige aktørar både for landbruk og andre bygdenæringar.

Sysselsetting vil være ein viktig del av næringspolitikken. Midla i sysselsettingspolitikken er kanalisert til regionane gjennom det statlege A-etat som ikkje har regionale koplingar opp mot næringspolitikk eller kunnskapspolitikk. Gjennom ei forskyving mot politisk nivå kunne sysselsetting bli ei eit politisk ansvar for dei politikarene som og vedtok regional utvikling på andre områder.

Regional kunnskapspolitikk
Kunnskapspolitikken heng sjølvsagt saman med verdiskaping og næringspolitikk. I dag har fylkeskommunane ansvaret for opplæringa på vidaregåande skulars nivå for ungdom og for vaksne. I mange fylke har også dei vidaregåande skulane vore viktige aktørar i lokalsamfunnet for å oppretthalda busetting og utvikling. Kompetansen på desse skulane vert og vært nytta av næringslivet i regionen.
I ein regional kunnskapspolitikk kan omgrepet "Livslang læring" realiserast innanfor ein heilskapleg utdanningspolitikk som m.a. gjer at delar av fylkesmennenes utdanningskontor, med fokus på utviklingsarbeid i grunnskulane må overførast til regionen. Det same må eigarskapet til dei regionale høgskulane, og ansvaret for satsing på forsking av ymse slag.

Regional kulturpolitikk
Ein nasjonal kulturpolitikk er for heile landet, og må ta inn over seg at kunnskap og kompetanse er spreidd over heile landet. Derfor må tilhøva leggjast til rette for at kunnskapen og kompetansen kan nyttast der han finst. Berre slik kan det skapast ein variert og fargerik nasjonal kulturpolitikk. Kanskje særleg innanfor kulturpolitikken er det avgjerande at det vert lagt til grunn eit nedanfrå perspektiv. Kultur utviklar seg i samspel mellom menneske, og mennesket er først og fremst lokalt. På nokre områder har staten overdratt styringa frå fylkeskommunane som til dømes på museumsområdet. På andre områder er detaljstyringa så sterk at lokale folkevalte ikkje har verkemiddel til å driva eigen politikk. Dette gjeld til dømes anleggsmidla til idretten og detaljstyringa av den kulturelle skulesekken. Samtidig pålegg staten fylkeskommunane å følgje opp sentrale vedtak utan at ressursar til dette blir overførde.
Debatten om regionane si rolle i kulturutviklinga må derfor vidareførast med tanke på at folkevalde på regionsnivå skal overta oppgåver som i dag er styrde sentralt.

I slik samanheng kan Riksinstitusjonane (Dei tri Rane) si framtid vurderast, det same kan store delar av kulturfondstøtta, statlege overføringar til regionale kulturhus, statleg direktestyring i Den kulturelle skulesekken og over musea i museumsreforma.

Ja til levande regionar
Sterkare regionar med gode økonomiske- og politiske verkemidlar vil medverke til å betre verdiskapinga og levekåra over heile landet. Dagens oppdeling av regionale oppgåver bidrar både til ei udemokratisk styring og byråkratisk oppsplitting som innbyggarane er lite tent med. Folkevalt regional styring vil gje veljarane direkte makt over den regionale utviklinga. Det er dette som må vere utfordringa når regionalpolitikken skal utformas, ikkje kor grensene mellom regionane skal trekkast.