Bibliotekutgreiinga  - grunnlaget for ein ny bibliotekpolitikk?
 
Denne våren skal bibliotekutgreiinga overleverast frå ABM-utvikling til Kulturdepartementet. Bibliotekutgreiinga skal i fylgje mandatet m.a. innhalda nasjonale strategiar  for å lyfta eit samla norsk bibliotekstell. Dette er eit arbeid det har vore stilt store forventningar til frå bibliotekmiljøet . Utgangspunktet for bibliotekutgreiinga var ikkje det beste, sjølv om utgreiinga var varsla i kulturmeldinga kom ikkje arbeidet i gang før lang tid etterpå. Forma ein valte for utgreiingsarbeidet var også nokså uklart, ein mellomting mellom om ei offentleg utgreiing (NOU) og eit departementsinternt arbeid. Uansett form, spørsmålet blir likevel, kan me få ein samla offensiv og framtidsretta bibliotekpolitikk ut av denne utgreiinga?

Av Svein Arne Tinnesand, Fylkesbiblioteksjef i Rogaland og medlem av referansegruppa for bibliotekutgreiinga
 
Ein nasjonal politikk?
Dei fleste norske bibliotek, med unntak av nasjonalbiblioteket er verken styrd eller finansiert av Kulturdepartementet, som nå er adressat for utgreiinga. Biblioteka sin kvardag er styrd av andre departement. Derfor vil det oftast vere kommuneøkonomiproposisjonen, høgskole- og universitetspolitikken og regionpolitikken som styrer den daglege bibliotekkvardagen. Ei av hovudutfordringane for denne utgreiinga vil derfor vere å kunne gje politikarane moglegheiter for å ta grep om bibliotekpolitikken i et heilskapleg perspektiv.
 
Det er ikkje særleg sannsynleg at bibliotekutgreiinga klarer å endre på dei tunge strukturane knytte til organisering av offentleg sektor eller til finansieringa av dei offentlege tenestene.  Så sjølv om mange av oss kunne ynskje både meir effektiv offentleg sektor og ei finansiering som kom biblioteka direkte til gode, vil det i eit strategisk dokument vere viktig å finne ut kva strategiar som faktisk kan gjennomførast.
 
Det seiest at bibliotekbrukaren ikkje bryr seg om kvar ho får tenestene frå berre ho får dei. Det nok riktig, langt på veg. Derfor har me også tatt i bruk ordet ”saumlaust” om bibliotektenester på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Sjølv om omgrepet det saumlause biblioteket ikkje er gamalt, er det at biblioteka yter tenester på tvers av sektorane like gamalt som sjølve ideen om bibliotek. For brukaren teller ikkje eigarskapet bak bibliotektenesta på det enkelte bibliotek eller på biblioteka sine nettstader noko. For dei strategiar  ein veljer for eit styrka bibliotekstellet er ein nøydt til å forholda seg til at det finnes ulik eigarskap til biblioteka. Det er eigarane som til sjuande og sist kan velje å foreta den nødvendige innsatsen for å styrke biblioteka.
 
Mandat for bibliotekutgreiinga
Mandatet for utgreiinga er svært omfattande og skal femne vidt og breitt. I tillegg til "saumlause" bibliotektenester, legg ein i mandatet også sterk vekt på ABM-perspektivet i arbeidet til biblioteka. Biblioteklova skal vurderast og ein skal vurdere administrative og økonomiske konsekvensar av alt ein føreslår.
 
Mandatet er i det heile tatt så omfattande at det vil vere nærmast umogleg og femne alt like godt i eit utgreiing som dette. Mange av spørsmåla og utfordringane som blir satt opp i mandatet for utgreiinga må derfor svarast på med generelle utsegner og delrapportar. Ikkje minst gjeld det utgreiingar om enkelte brukargrupper og deira krav til tenestene i biblioteka.
 
Ei anna grunn til å problematisere utgreiingas mandat er at det mandatet som i skrivande stund er nær 2 år gamalt framstår som litt politisk passe. Ikkje minst etter stortingsvalet ser ein at ei rekke politikkområder har blitt endra.
 
Kva treng biblioteka?
Den store utfordringa for utgreiinga er å identifisere kva områder biblioteka treng å styrkast. og på kva områder det vil vere mogleg å styrke desse tenestene gjennom fellestiltak av ulike slag.
 
Det viktigaste kjenneteiknet på det norske biblioteklandskapet er at det er satt saman av små einingar. Desse små eininga har ei rekke fordeler knytte til nærleik til brukarane og eit desentralisert tilbod med stor spreiing over heile landet. Veikskapen med dei små einingane er sjølvsagt at dei har få tilsette og derfor ikkje opningstider eller breidde i kompetansen som eit godt bibliotek skal ha. Skal ein lyfta dei små biblioteka vidare er det naudsynt å ha ein strategi som klarer å gje små bibliotek moglegheit for auka kompetanse og auka ressursar utan å gå til angrep på det kommunale sjølvstyret.
 
Framtida er digital, heiter det. I mange år har me på biblioteka snakka om utvikling av dei digitale ressursane. Å gjere ressursar tilgjengelege digitalt i t.d. alle landets bibliotek kan vere ein måte å sikra at heile folket får tilgang til dei viktige informasjonskjeldene som produseres. Fyrst og fremst i Norge, men og frå andre land. Innanfor det tradisjonelle litteraturfeltet har ein ulike innkjøpsordningar som har vist seg effektive både for å støtta produsenten av innhald og distribusjonen av innhald. 
 
Fylkesbiblioteket har gjennom historia frå dei gamle sentralbiblioteka fram til dagens fylkesbibliotekordningar spelt ei sentral rolle i dei regionale biblioteknettverka. Fylkesbiblioteka sitt bidrag til litteraturforsyning, utviklingsarbeid og kompetansebygging har vore svært viktige for å oppretthalde eit desentralisert biblioteknettverk. Kva rolle bibliotekpolitikken skal ha i dei nye regionane frå 2010 blir avgjort nå.
 
Etter at Stortingsmelding 22 (ABM-meldinga) blei lagt fram hausten 1999 har ”saumlause” bibliotektenester vore det nye mantraet for bibliotekverksemda her i landet. Sjølv om saumlaust i mange tilfeller ikkje er sjølvforklarande blei biblioteka same våren meldinga blei handsama klar over nokre av dei problema som finns i nettverket. Då foreslo universitetsbiblioteka at andre bibliotek skulle betala for fjernlånstenester. Sjølv om dette ikkje blei noko av den gong så avslørte det mangel på pengar i nettverket for å oppretthalda litteraturforsyninga.
 
Gode biblioteklokale er avgjerande for å kunne yte gode tenester og vera samlingspunkt og kultur- og kunnskapsformidlar i lokalsamfunnet.  I ein runde som skulle fjerna ”øyremerka” tilskott til kommunane våren 2000 forsvann pengane til nye biblioteklokale (og mobile bibliotektenester). Prinsippet om at det er mogleg å få pengar til denne typen investeringar er reversert i samband med revidering av ordninga for støtte til lokale kulturbygg. Skal ordninga få ein funksjon må ho få mykje fleire pengar enn som finnes i dag. Ei statleg eller regional ordning med midlar til biblioteklokale vil og forplikta kommunane til å samarbeide med bibliotekmyndigheiter på statleg eller regionalt nivå om utviklinga av nye bibliotek.
 
Ny politikk – ny moglegheit?
Bibliotekutgreiinga blei bestilt av den førre regjeringa på bakgrunn av kulturmeldinga som blei lagt fram sumaren 03. I samband med at denne meldinga blei lagt fram blei dei tre dåverande opposisjonspartia (Ap, SV og Sp) samde om eit dokument som dei kalla ”Kulturløftet”. Dette var det einaste området der dei tre partia som nå sit i regjering saman hadde ein felles politikk før valet.
 
Sjølv om ikkje bibliotek var framtredande under kulturløftet så fans det sterke ansatsar til noko som kunn bli ei biblioteksatsing. Dette fekk me og sjå når regjeringserklæringa frå ”Soria Moria” vart lagt fram. Den nye regjeringa ynskjer å  vera tydlege på folkebibliotekpolitikk, kunnskapspolitikk og ikkje minst på ein ny kommunal- og regionpolitikk. Sjølv om det finnes ein del bibliotekpolitikk nedfelt i ulike samanhenger som regjeringa vil kunne bruke, så vil ei bibliotekutgreiing med klåre strategiar for kva plass biblioteka skal ha på disse områda kunne vere heilt avgjerande for at bibliotekutgreiinga gjer ein forskjell for biblioteka i Norge.