Avvikling eller utvikling?
- forny fylkeskommunen!
Fylkeskommunen har blitt symbolet på ein bakstreversk og byråkratisk
offentleg sektor. Derfor kan ”alle” innkludert VG, Framstegspartiet, Erna
Solberg og komikarane i "Lille Lørdag" angripa og latterleggjera
dette folkevalde nivået. I løpet av neste stortingsperiode skal det avgjera om
me treng et folkevald regionalt nivå her i landet.
Av Svein Arne Tinnesand, medlem av programkomiteen i SV
I kjølvatnet av EF-kampen i 1972 vaks trua på lokaldemokratiet. På 70 talet
blei derfor to nyskapingar innførd i folkestyret. Det var bydelsutval i
storbyane og direkteval til fylkestinget i fylka. Reformene var i tidas ånd,
avgjerdene skulle tas hand om av folkevalde nærast mogleg veljarane. Samstundes
ville dei nye organa verka rekrutterande og skolerande for politisk engasjerte
menneskje. I den nye fylkeskommunen stod oppgåvene i kø. Dei store felta var
sjølvsagt helsevesenet med fylkessjukehus og kommuneovergripande
helseinstitusjonar og vidaregåande utdanning som i denne tida var gjennom ein
stor reformprosess vekk frå gymnas og yrkesskular og over til vidaregåande
skular. I tillegg kom opplagte ting som samferdsel og ei rekke plansaker.
Fylkeskommunen vart også tillagt ein del kulturoppgåver, ikkje minst fordi
organisasjonslivet trong ein politisk medspelar på fylkesnivået.
Avvikling
Alt før fylkeskommunen var gjennom den fyrste valperioden som folkevalt nivå
var dei demokratiske vindane frå starten av tiåret i ferd med å venda. Fyrst
med at det alltid statsvennlige Arbeidarpartiet gjenerobra hegemoniet på
venstresida og sidan starta den vedvarande høgrevinden. Statsvenlege
sosialdemokratar og marknadsvenlege høgrefolk fann saman til eit nytt politisk
prosjekt: Knus fylkeskommunen! Eit prosjekt som materialiserte seg i form av
noko som har blitt kalla ei helsereform, men som er ei styringsreform. Staten
skal styra sykjehusa, men i den moderne staten operer ein med føretak og ikkje
folkestyre. Slik vart det som blei kalla ei helsereform eit praktverk i
korleis skapa politisk avmakt og demokratisk tomrom. Nå kan ikkje lenger
veljarane endra stemmesetelen for å få dei sykjehusa dei vil ha. Under dekke
av avbyråkratisering og forenkling har Høgres gamle embetsmannstat blitt
foreina med Arbeidarpartiets sentralmakt og nyliberalistanes marknadsstat.
Ein varsla død
Så seint som i 2000 kom utgreiinga ” Om oppgavefordelingen mellom stat,
region og kommune” NOU 22 – 2000. I denne meldinga var alle sider av
fylkeskommunens virke vurdert og det vart lagt opp til ei avklaring av
arbeidsoppgavene mellom den statlige fylkesmannen og den folkestyrde
fylkeskommunen. Avviklinga av fylkeskommunens si styring over sjukehusa vart
ikkje nemnt. Våren 2001 kom stortingsmelding 31(2000-2001). Sjølv om
denne meldinga sørgde for at sjukehusa vart føretaksstyrde var det i denne
meldinga også ei sterk vektlegging av at fylkeskommunen var best eigna til
regionalt utviklingsarbeid og det blei føreslått å leggja oppgaver knytte til
utviklingsarbeid hos fylkesmannen over til fylkeskommunen. Same haust vant høgresida
valet og ein ny stortingsmelding blei lagt på bordet eit år etterpå,
Stortingsmelding 19 (2001-2002). Her blei endringane som den førre regjeringa
ville bruke til å styrke fylkeskommunen reverserte. På tross av at det i
meldinga blir senda nokre helsingar til det politiske sentrum så er det
realiseringa av høgresidas avskaffing av fylkeskommunen som nå skal gjennomføras.
Fylkeskommunen skal tømast for oppgaver, han får ei nådetid på 4 år så
skal han avskaffas. I løpet av dei fire åra kan fylkespolitikarane
eksperimentere med, om dei vil legge fylkeskommunen under fylkesmannen (det såkalla
einskapsfylket) eller dei kan gje frå seg oppgavene til storbyane (såkalla
kommunal oppgavedifrensiering). Det einaste fylkeskommunen ikkje skal kunna
eksperimentera med er å utøva auka folkestyre på regionalt nivå.
Utviklinga kan endrast
Akkurat nå kan det sjå ut som om regjeringa vil lukkast, ikkje med å få ned
byråkratiet eller å føra avgjerder nærare dei det gjeld. Det dei lukkast med
er prosjektet å fjerna eit folkevald demokratisk nivå for å fortsetja med å
svekka den politiske kontrollen over det offentlige, slik at tenester fortsatt
kan privatiserast og nedbyggast.
Likevel treng det ikkje til å gå slik. Det vil vera opp til
Stortingsfleirtalet etter valet i 2005 å bestemma. Venstresida si oppgave fram
til det valet blir å snikra ut ein robust regional politikk, som ikkje let seg
undergrava av Framstegspartiet, VG og "lille lørdag".
Det er ikkje storleik men styrken som må avgjera korleis det regionale nivået
skal væra. Ingen har klart å påvisa at det ikkje lenger er behov for et
regionalt nivå i Norge, debatten har med unntak av Framstegspartiet og delar av
Høgre dreia seg om er storleiken på dette nivået. Nokre oppgaver krev større
regionar, andre krev ”mindre” difor blir dette lite viktig. Det er
berre å slå fast dagens fylkesinndeling ikkje er ideell til alle føremål,
men det er det heller inga anna inndeling som vil vera. Dagens fylkesinndeling
har ei historisk forankring og den fungerer som valkrets til Stortingsvalet og
ulike organisasjonar og parti operer med fylkesnivå. Difor er det den eininga
som i dag fungerer som ei felles regional politisk arena. Ei felles politisk
arena er avgjerande viktig for det regionale mellomnivået. Eit nivå utan
politisk legitimitet i befolkninga vil føra til eit "demokratisk
underskott", og tilsvarande manglande tillit hos veljarane.
I staden for storleik må ein ta utgangspunkt i demokratiske, og funksjonelle
fylke. Funksjonelle fylke vil vera fylke der dei folkevalde og veljarane kan
klara å samla seg om felles mål for regionen. Det er fylker der historiske og
administrative strukturar har gitt innbyggjarane ein form for felles identitet.
Et regionalt politisk nivå må vere knytta til oppgaver som skal løysast. Den
aller viktigaste vil vera det vi kan kalla regional utvikling. Det tyder
samferdsel, næringsutvikling, undervisning, kultur, miljøforvaltning og
planlegging. Dette er oppgaver som i dag blir ivaretatt av dagens fylkeskommune,
av dagens fylkesmannsembete og av statlige institusjonar av ymse slag. Skal
fylka vere funksjonelle må meir av styringa av dette leggast til folkevald
regionalt nivå. For at dette skal skje må makt overføras frå område som i
dag delvis er utanfor folkevald politisk kontroll eller der den folkevalde
politiske kontrollen er utøvd gjennom vedtak på enkeltpostar i
statsbudsjettet.
For å finna ut kva konkrete etatar/ kontor og statlege organ som skal overføras
til folkevald styring på regionalt nivå må det vurderast ut frå kva
oppgaver dei har. Det viktigaste kriteriet må vera at det vil vera muleg å
driva regional politikk på områda. Då må både A-etat og regionale høgskolar
vurderast for overføring til fylka det same må regionkontora i tunge statlige
verksemder som trygdeetaten og vegvesenet.
Framtida lysande står?
Fylka vil kunna vera den viktigaste drivkrafta for lokale og regionale løysingar
i framtida. Fylka er store nok til å kunne vera heva over tradisjonell kommunal
kivinga om kor skulen skal ligga, samtidig som han er liten nok til å la seg påverka
av det som føregår i kommunane. På det viset vil fylka kunne vera regionale
utviklingsaktør utan å vera overkommune eller å svekke demokratiet i
kommunane. For å få til denne rolla må fylka styrkast med å overta roller
som i dag ligg til statsforvaltninga både hos fylkesmannen og hos statlege
institusjonar. Ikkje minst gjeld dette oppgaver som er knytte til undervisning,
samferdsle og næringsutvikling. Samtidig må det koma ei avklaring av kva
kontroll- og ankeinstansoppgaver som bør ligga hos fylkesmannen.
For å få til ei slik utvikling må debatten om det regionale Norge handla om
innhald og ikkje om storleik. Erfaringane me har med fylkeskommunen som
folkevald nivå fram til i dag er ikkje at han har feila, men at han ikkje
passar inn i høgrekreftene si "modernisering" av Norge.