Ny giv for arbeidsplassbibliotek?

Våren 1981 låg eg saman med 1200 mann i brakkeby på Vats i Vindafjord kommune. Oppgåva vår var å kople saman Statfjord B plattforma. Denne plattforma var til då det største byggverket som var bygd i Norge, og blei ute i Nordsjøen gjort om til ein pengemaskin som dagleg omdannar hydrokarbonar under trykk til klingande mynt for eigarar og for statskassa. Det var på denne brakkebyen eg hadde mitt fyrste møte med eit arbeidsplassbibliotek. I ein container knytt til brakkebyten fans det ei boksamling som me som arbeidd på staden kunne nytta oss av, ei samling som i storleik kunne samanliknast med ein normal bokbussamling. Så vidt eg hugsar var samlinga tihøyrande Haugesund folkebibliotek.

Av Svein Arne Tinnesand, Fylkesbiblioteksjef i Rogaland

Det var minnet om opplevingane m.a. knytt til lesinga av ”Pelle Erobreren” på brakkerommet i Vats, som slo meg då eg i avisene i sommar kunne lese om at Norsk Transportarbeiderforbund ynskja seg arbeidsplassbibliotek for langtransportsjåførar på utvalde stoppestader langs vegane. Arbeidsplassbibliotek er et omgrep som i Norge har vore lite bruka dei siste åra. Det er derfor spanande at tankane om slike bibliotek nå ser ut til å bli aktualisert på nytt.

Når me i denne samanhengen snakkar om arbeidsplassbibliotek så meiner me fyrst og fremst eit ”folkebibliotek” på arbeidsplassen. Sjølvsagt finnes det bibliotek på ein rekke arbeidsplassar, skular, universitet og forskingsinstitusjonar av ulike slag har ofte bibliotektenester. Eit arbeidsplassbibliotek av det slaget transportarbeidarane nå ønskjer seg er fyrst og fremst eit tilgjengeleg folkebibliotek for ei gruppe arbeidstakarar som ikkje har det så enkelt med å kunne nytta dei ordinære bibliotektenestene.

Sjølv om diskusjonen om arbeidsplassbibliotek har vore fråverande i Norge dei siste åra, så finnes det sjølvsagt slike tenester òg på nokre norske arbeidsplassar. På oljeinstallasjonane i Nordsjøen t.d. er det nokre plassar tilgang til bibliotek for dei tilsette. Det bør likevel nemnast at Statoil i fjor sa opp avtala med Hordaland fylkesbibliotek om levering av bibliotektenester. Det skyldes at Statoil meinte at dei ikkje lengre har råd til å halda sine tilsette med slike tenester når dei arbeidar og bur ute i havet. Når spørsmålet om arbeidsplassbibliotek igjen er på dagsorden her i landet skyldes det likevel ikkje lagnaden til dei norske arbeidsplassbiblioteka. Transportarbeidarane i Norge har nemleg ikkje funne inspirasjon til vegbiblioteka på norske arbeidsplassar, men hos sine svenske transportkollegar.

I Sverige er det fagrørsla som har vore pådrivarar for utvikling av arbeidsplassbibliotek og det har vore fagrørsla som sjølv har satt lesing opp på den politiske dagsorden. Svensk LO har t.d. gjennom ei årrekkje kartlagt lese- og bibliotekvanar blant lønnstakarane (1). Desse rapportane har vore med på å danna grunnlaget for ein eigen politikk på dette området. Eigne erfaringar og lokale entusiastar har på fleire arbeidsplassar sette i gang arbeidet med å oppretta eigne bibliotek for dei tilsette. Dette skjedde t.d. på Draka kabel i Ystad i 2003. Når Maria Stjãrnskog i fylgje den svenske vekeavisa ”Flamman” undersøkte kva arbeidskameratane syntes om lesing og bibliotekbesøk fekk ho m.a. som svar at ”Jag är jobbare och bra på mitt, böcker är till för lärare och läkare och såna. Jag går aldrig till biblioteket, jag skulle inte känna mig hemma där” (2). Når ho tok saka opp med fagforeininga blei arbeidet med eit eiga arbeidsplassbibliotek sett i gang. Nå er det altså sjåførane i Transport som har satt seg i førarsetet for å oppretta nye arbeidsplassbibliotek i grannelandet.

Ein av dei som har gått i spissen for å oppretta disse biblioteka er langtransportsjåføren David Ericsson (3). David Ericsson er ikkje berre langtransportsjåfør, han føyer seg òg inn ein stolt svensk forfattartradisjon, som arbeidarforfattar. I Sverige står omgrepet arbeidarforfattar framleis sterkt både i arbeidarrørsla òg innanfor litterære krinsar. Nettopp det at Svensk arbeidarrørsle er medvitne om denne kulturelle og litterære arven har kanskje gjort sitt for at dei har satsa på bibliotek og lesing. Når leiarane i Transportarbeidarforbundet og Hotell og restaurantarbeidarforbundet innvigde det første vegbiblioteket (4) på vegkroa Tõnnebro ved E4 utanfor Gãvle den 7. desember 2004 var David Ericcsson sjølvsagt til stades. Den svenske arbeidarrørsla har i tillegg til sterke litterære tradisjonar òg jamvel bibliotektradisjonar. Mange av dagens svenske folkebibliotek var eigde av organisasjonane til lenge etter krigen. I dag blir tradisjonane vidareført ved at arbeidarrørsla står bak framveksten av nye bibliotek på arbeidsplassane. For fagrørsla er ikkje arbeidsplassbiblioteket berre eit tilbod om tidtrøyte og fritidslesing. Gjennom eigne undersøkingar om lesing lesekunnskap og tilgang til bibliotektenester har fagrørsla satt arbeidsplassbiblioteket inn ei lese- og utdanningspolitisk samanheng.

I Norge har det dei siste åra òg vore et sterkt fokus på lesing og lesevanskar. Dei statleg finansierte aksjonane gjennom ”Gi rom for lesing”, "Foreningen !Les" og "Leser søker bok" har på ulike måtar prøvd å arbeida for å styrke leseevna i heile folket. Disse tiltaka har vore retta inn mot ulike grupper som barn, ungdom og folk på institusjonane. Dette har vore eit stort og viktig arbeid som heilt sikkert har vore med å styrke lesinga blant disse gruppene og bringa lesing som tema opp på den politiske agendaen. Disse aksjonane og programma er likevel ikkje primært retta inn mot arbeidslivet og folk som allreie er i arbeid.

Undersøkingar om vaksne si lesing (5) og erfaringar frå kartlegging og kompetansetiltak i samband med EVU-reforma viser og at det finnes relativt store grupper av vaksne vel fungerande arbeidstakarar som har lese- og skriveproblem. Ein av dei som i ulike samanhenger har gått ut og fronta dette problemet er Leif Sande som var forbundsleiar i oljearbeidarforbundet NOPEF (LO-Aktuelt nr.12.2006) og som nå er leiar av det nye forbundet Industri Energi. I samarbeid med VOX har òg NOPEF vore ein av dei fagorganisasjonane som saman med industrien har arbeida systematisk med lese- og skriveproblem i arbeidslivet. VOX har i ulike prosjekt arbeida mot bedrifter og arbeidstakarar med disse tinga (6). Også nokre av vaksenopplæringsorganisasjonane har arbeida med dette, mest kjend er AOF sin ”lesebutikk” i Østfold. Når dette arbeidet ikkje har ført til ein diskusjon om arbeidsplassbibliotek og ande arenaer for lesing inne på arbeidsplassen så er det fleire grunnar til det.

Den viktigaste grunnen er, at fagrørsla sjølv ikkje har hatt ein politikk for lesing og bibliotek. I Sverige har LO hatt lesing på sin agenda i ei årrekkje, og derfor òg laga ein politikk på området. Korkje historisk eller med dagens tilstandsrapportar har fagrørsla i Norge arbeida systematisk med disse sakene. Folkebiblioteka i Norge har blitt definert, og definert seg sjølv som kulturarenaer. Det har vore med på å gjøre biblioteka uinteressante når det skal utviklast den politikk for utdanning og læring. Dette kunne me registrere t.d. i samband med EVU-reforma. For biblioteka har vaksne arbeidstakarar ikkje vore ei prioritert gruppe, fokuset har vore retta mot barn- unge og vaksnes fritidslesing. Det er òg denne forståinga av bibliotek som eit overskotsfenomen, som gjer at Statoil definerar arbeidsplassbiblioteket som ei velferdsteneste som dei ikkje lengre har råd til. Det skjer samstundes som oljeindustrien opplever at lese- og skrivevanskar er ei stor utfordring i den same industrien.

Skal arbeidet med arbeidsplassbibliotek kunne bli vellukka er det viktig at organisasjonane i arbeidslivet, bibliotekvesenet sjølv og organisasjonar som arbeidar med lesing som t.d. "Leser søker bok" (7) arbeider målmedvete for å realisere nye bibliotektenester på arbeidsplassar eller andre stader for folk som ikkje har lett tilgang til vanlege bibliotektenester. Dette kan gjerne være del av ei større satsing på lesing slik det m.a. kjem til uttrykk i den regionale planen for "Les for livet" strategisk leseplan for Rogaland (8).

Initiativet som nå er tatt av Norsk Transportarbeiderforbund kan vere det som skal til, nettopp for å gi ulike arbeidstakarar moglegheiter til bibliotekbruk og lesing høgare prioritet. Gjennom ei målmedviten satsing på bibliotektenester på arbeidsplassane knytt opp mot eit systematisk arbeid med lese- og skrivevanskar, kan langtransportbiblioteka ikkje berre være eit tilsott til eit betre liv for langtransportsjåførane. Det kan òg vere eit viktig og nødvendig steg for å gjere lesing og litteratur tilgjengeleg for alle som bur landet.

Kjelder
1. Lãsning av bõcker, besõk på bibliotek och eget skrivande bland olika grupper av anstãlda (2003)
2. Den bokslukande draken (Flamman 24.11.2005)
3. David Ericssons historia (truckstop.nu)
4. "Kropp och själ" – Vägkrogsbibliotek
5. Fakta om lesing og skriving
6. Gøy å lese når du kan det
7. Leser søker bok
8. Les for livet